Kultur | 14. juni 2017

Filma eksamen i stova til mormor

Då regissøren ba om eit busstopp «på landet» tok filmstudenten Mattias Wold heile crewet med til Os.

Filma eksamen i stova til mormor
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. juni 2017 20:43

Bildeserie:

Mattias Wold i stova til mormor.
Mattias Wold i stova til mormor.
Wold er imponert over skodespelarane dei fekk med seg.
Wold er imponert over skodespelarane dei fekk med seg.
1 av 2
Mattias Wold i stova til mormor.
Wold er imponert over skodespelarane dei fekk med seg.

Mattias Wold frå Os er nettopp ferdig med første av to år med fagutdanning innan film ved Høyskolen Kristiania i Bergen.

Nyleg leverte han eksamensfilmen inn, ein film han og nokre av medstudentane spelte inn i Os.

– Regissøren ba om ein busshaldeplass på ein litt aude plass. «Hegglandsdalen», tenkte eg, og tok crew og skodespelarar med til heimbygda.

«Veien Hjem»

Også tittelen på filmen handlar om å koma heim. «Veien Hjem», som kortfilmen (08:30) heiter, handlar om val og prioriteringar, om kven vi bruker tid på.

– Det er medstudenten min Helene Simonsen som både har skrive manus og tatt regien. Eg synest det er ein fin tekst, seier Mattias, som sjølv står for foto.

– Vi er innom fleire fagområde på skulen, frå lys, foto og klipp til manus, regi, produksjon og dramaturgi. Vi har førebels ikkje fått karakter på filmen, men fekk fine tilbakemeldingar etter at vi viste den for klassen.

– Svært heldige med skodespelarane

Renate Hellerud, som har hovudrolla, er òg den som les teksten.

– Ho jobbar i TV2, også der med stemma si, og gjorde det veldig bra som skodespelar.

– Vi var òg utruleg heldige med dei som spelte mor og far. Det var vanskeleg å finna eit vaksent par, så det endte med at vi søkte i nokre songkor. Der fann vi to som ikkje er eit par frå før, men som syng i same kor, og som begge ville stilla opp. Dei levde seg sånn inn i rolla, spesielt mor, at vi måtte ta ein pause i innspelinga for ho var så rørt, fortel Mattias.

Filmen er spelt inn i Hegglandsdalen og i bustaden til mormora hans.

Frå hobby til jobb

– Eg hadde jobba eit par år etter gymnaset då eg bestemte meg for å gå på skule igjen. Eg tenkte eg like gjerne kunne prøva å gjera eit yrke av hobbyen min.

• Midtsiden viste filmen Wold lagde i 2014, då som amatør: Kreativ bading i Lysefjorden

– Eg har lenge likt å filma, og er den i venegjengen som har hatt med kamera.

– No trivst eg på skulen og er spent både på eksamenskarakteren og på andreåret, seier Mattias Wold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.