Lokal | 26. mars 2015

Fin fasteaksjon i Os

Konfirmantane fekk inn nesten 150.000 kroner på éin ettermiddag.

Fin fasteaksjon i Os
Lene Teigland Lepsøy og Helene Hatlestad er blant dei mange konfirmantane som gjekk med bøss tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mars 2015 21:12

Denne veka har årets kyrkjelege konfirmant-kull deltatt i Kirkens Bymisjon sin årlege fasteaksjon.

– Ungdomane fekk inn heile 147.000 kroner i år, 30.000 kroner meir enn i fjor, fortel Hildur Løkken Lillestøl frå Os kyrkjelyd.

–Konfirmantane har vore utruleg positive og foreldra har vore veldig engasjerte og flinke til å skapa oppslutnad om aktivitetane våre. I tillegg fortel ungdomane om veldig venleg mottaking då dei gjekk rundt med bøssene.

– Vi er veldig takksame for dette. Sjølv har vi ikkje på plass alle rutinane slik vi vil i samband med å organisera dette, likevel blei det så vellykka.

Os på 4. plass?

nettsida for Fasteaksjonen kan vi sjå at det i skrivande stund er samla inn rett over 25,5 millionar kroner. Vatn og klia er tema for årets aksjon.

I Hordaland er det Bergen kommune som har samla inn mest, med 549.000 kroner. På dei neste plassane kjem Fjell Askøy og Bømlo med 252.000, 209.000 og 146.000 kroner.

Sjå liste for Hordaland

Tala frå Os har førebels ikkje kome inn på lista, men ligg førebels an til å landa på 4. plass i fylket.

– Omsorgsfulle ungdomar

Lillestøl fortel om ivrige og hjartevarme ungdomar som deltok i aksjonen.

«Eg har lest all informasjon om dette, altså», sa éin av dei. Fleire andre meldte seg til å gå med bøsser også neste år.

– Ungdomen vil og kan, og dei har eit varmt hjarte for andre, seier Hildur, som også vil takka alle som tok godt imot dei unge bøssebærarane.

– Desse pengane vil bety mykje for dei mange som no skal motta hjelp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.