Kultur | 15. nov. 2017

– Fin musikk aleine er for kjedelig

– Fin musikk aleine er for kjedelig
Bjarne Brønboe kjem laurdag til Oseana med sitt eige personlege show (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 15. nov. 2017 08:02

Laurdag kjem Bjarne Brønboe, heilt aleine, til Oseana. Han har aldri sjølv opptrådd der før, berre sett andre, som dommar i Norske Talenter.

– Korleis blir det, å stå aleine på scenen i staden for å sitta i salen?

– Veit du, det er jo det eg kan best. No syns eg at eg etterkvart har blitt litt god i dommarstolen også, men det er å underholde folk eg er god på og som eg har levd av og med i 25 år, ler han på telefon frå E6.

– Skjer der og då

Han er klar på at når han kjem til Oseana, så er det der det skjer.

– Når eg kjem til Oseana er det berre meg, eit flygel og ein mikrofon. Det er noko heilt anna enn å stå på scenen i Oslo Spektrum saman med DDE og feire 25 årsjubileum foran 7000 menneskjer. Det er to ytterpunkt.

– Det som skjer i Oseana er der og då. Det er live og kva som kjem til å skje veit eg jo eigentleg ikkje. Det er fordelen ved å reise aleine. Eg bestemmer alt og har ingen regi eg må halde meg til. Plutseleg kjem det kanskje ein kommentar frå salen som tek meg i ein heilt anna retning enn eg hadde tenkt.

– Men ein ting kan eg lova. Eg er jo trass alt ein entertainer, så at publikum skal få ei triveleg stund, det føler eg meg sikker på.

Eit samfunn i endring

I tillegg til musikk lover Bjarne Brønboe historier.

– Fin musikk aleine blir for kjedeleg. Difor må eg krydra det med historiar.

– Kva historiar då, blir det frå 25 år på vegen?

– Eg har ikkje ein raud tråd, eller kanskje. Eg kjem nok til å snakka om dei samfunnsendringene som har skjedd med og mot vår vilje. Vi registrerer at ting forandrer seg, men korleis påverkar det oss. Ta berre det med telefon, det er jo ingen som bruker fasttelefon lengre. Det blir småting frå oppveksten og ting eg trur folk vil sitta og nikke bekreftende til og mimre litt over.

– Det blir om livet, så vemodig og ekte som det er, men med forholdsvis mykje humor.

RBK-sang og Ivers

På spørsmål om kva musikalske bitar publikum kan venta seg, slår humoristen Bjarne Brønboe til igjen.

– Rosenborgsangen og Bilde på'n Ivers, ler han igjen.

– Neida, det blir masse DDE-låter, mykje kjent og det folk håper dei skal få høre, men det blir litt anna også. Kva det er får vera ei overrasking. Det kan godt vera eg gjer noko eg ikkje har planlagt.

– Vi treng møteplassar som kulturhusa

Etter 25 år på vegen har Bjarne Brønboe vitja mange kulturhus.

– Oseana har jo ein fantastisk flott beliggenhet. Uteareala på utsida av glassfasaden er i særklasse vakkert. Huset har alle dei kvalitetar eit moderne kulturbygg skal ha.

– Eg registrerer at fleire kommunar har bygd slike møteplasser dei siste åra. Det trur eg er viktigere i 2017 enn nokon gang. Vi treng plassar vi kan møtast i staden for å sitta å stirre i mobilen heile tida, avslutter den samfunnsengasjerte entertaineren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.