Kultur | 22. jan. 2012

Fin Skyggelys-premiere

Det blei ikkje pris på Rolv Lyssand Bjørø, men premieren og resten av TIFF er regissøren frå Os svært nøgd med.

Fin Skyggelys-premiere
Bilde frå filmen. Regissør Rolv Lyssand Bjørø innfelt.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. jan. 2012 07:44

– Premieren fredag gjekk kjempefint. Eg fekk blomar og mange fine tilbakemeldingar, sa regissør Rolv Lyssand Bjørø til Midtsiden laurdag kveld.

Då hadde han nettopp fått veta at den nominerte kortfilmen hans, "Skyggelys", ikkje fekk pris under Tromsø International Film Festival.

– Det gjer ingenting. Det har vore veldig kjekt at filmen har blitt lagt merke til og at den blei nominert.

– Og så blei det ein fin premiere, saman med fleire filmar med millionbudsjett. Eg brukte 1500 kroner på å laga Skyggelys, likevel var det fleire som sa at dei ikkje la merke til at dei andre filmane hadde kosta noko meir.

Om barn og døden

Skyggelys er ein kortfilm på 10 minutt spelt inn i Kabelvåg i Lofoten i 2011. Filmen er basert på ei sann, og for regissøren; sjølvopplevd historie.

– Som 11-åring opplevde eg at to av mine beste venar mista mora si. Å møta dei i sorga og å vera ein som skulle trøysta dei to var ei sterk oppleving. Å laga film om dette i etterkant har også vore sterkt, det har vore som terapi for meg, seier Bjørø.

Regissøren hadde samtalar om filmen med familien historia handlar om. Dei har også fått sett filmen.

– Eg var nervøs då eg skulle visa resultatet, innrømmer Rolv.

– Heldigvis sa dei at dei likte den. Også på premieren fekk eg fine kommentarar. Det er eit alvorleg tema, og eit tema mange har vore borti. Fleire sa dei kjente seg igjen.

Skodespelarane i filmen, Sebastian Stanojevic, Ella Grunnvåg Hagen, Håkon Solberg Strøm og Sissel Higraff, er amatørar.

– Men eg hadde ein lang castingprosess og hadde mange ungar innom på audition. Eg føler eg fann nokre flinke og talentfulle ungar, spesielt hovudrolla gjekk til ein der eg trur eg har oppdaga ei komande stjerne.

Nyutdanna og produktiv

I fjor var Bjørø ferdig med ei seks år lang utdanning innan film. Han har tatt bachelorgrad i Lillehammer, hatt eit semester i Australia og runda av med to år på Nordland Kunst og Filmfagskule.

Han har oppretta eige selskap, Den flittige maur produksjoner, der han jobbar frilans.

– Målet er å gå over til spelefilm, men det blir nok minst éin kortfilm til først.

Innimellom tar han frilansoppdrag og på TV2 første veka i januar kunne vi sjå noko av det han nyleg har levert.

– Eg hadde foto og klipping av dokumentaren om Jan Eggum. Det var eit kjekt oppdrag å vera med på, synes Rolv.

Fleire nominasjonar

Rolv Lyssand Bjørø har laga fleire filmar. Tre av dei, to kortfilmar og ein dokumentar, byrja han i fjor å senda ut til festivalar.

Før jul blei dokumentarfilmen nominert til Gullpandaen i Kina. Då var Bjørø opptatt med Eggum-dokumentaren for TV2.

På slutten av 2011 blei ein annan kortfilm, den psykologiske trilleren "Paradoks" nominert til pris på ein festival i Stavanger. Der fekk Bjørø "hederlig omtale".

- No medan eg var på TIFF fekk eg veta at Paradoks også er nominert i klassen nordisk film på festivalen Minimalen i Trondheim i mars. Der veit eg at det er eit nålauge å koma gjennom, så det var veldig kjekt.

på TIFF har regissøren også kome i kontakt med to britiske kvinner som jobbar for eit selskap som sel kortfilmar til flyseselskap.

Dei ville prøva å selja Skyggelys og Paradoks til Norwegian. Kanskje kan du om ikkje så lenge sjå osingen sine filmar når du skal ut og fly.

- Og så har eg fått høyra at dei vil visa Paradoks på Cinemateket i Oslo. Der kan det bli stort publikum, seier Rolv Bjørø Lyssand nøgd på telefon frå Tromsø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.