Sport | 15. des. 2017

Finalefest i Oshallen

Noreg feide Nederland av banen. No blir det handballfest mot Frankrike i Oshallen.

Finalefest i Oshallen
Emilie Christensen og handballjentene er klare for storskjerm i Oshallen søndag ettermiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. des. 2017 18:11

Noreg gjekk ut av startblokkene i eit tempo som gjorde at Nederland ikkje visste kva som traff dei.

Helle Thomsen, trenaren til Nederland, såg seg nøydd til å ta timeout to ganger før det var gått elleve minutt. Nederland skåra berre to mål på dei første seksten og det halve første minuttet.

Les òg: Her blir det storskjerm

Noreg heldt fram med å køyre over Nederland.

Fire minutt før fulltid sang supporteranen i hallen sigeren er vår. Noreg leia då med ti mål.

– Det føles heilt fantastisk. Nok ein storsiger i ein sånn kamp føles heilt nydeleg. Det er stort. No er det berre finalen igjen, sa kaptein Stine Berdal Oftedal til TV2 etter kampen.

Osingen Emilie Christensen har gjennom meisterskapet erstatta Bredal Oftedal i fleire kampar gjennom VM, men fekk ikkje speletid fredag.

Kven Noreg møter i finalen blir avgjort når Sverige og Frankrike møtast klokka 2045 fredag kveld.

Noreg vann kampen mot Nederland 32-23.

Kan det bli eit nordisk oppgjer mot Sverige, som Noreg tapte mot i gruppespelet?

Oppdatert: I den andre semifinalen, som gjekk klokka 2045, vann Frankrike 24-22 i eit tett og jamnt oppgjer. Dermed blir det Nederland - Sverige i bronsefinalen og Noreg - Frankrike i finalen. Sendinga starter klokka 17.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.