Sport | 28. juni 2017

Finalesiger i Sør Cup!

Lysekloster/Nore Neset gutar 14 slo Bønes 1 i B-finalen!

Finalesiger i Sør Cup!
Lysekloster/Nore Neset G14 med pokalen etter finalesigeren i dag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. juni 2017 12:45

To av fem lag frå Lysekloster/Nore Neset tok seg til A-sluttspel i årets Sør Cup, eitt av laga i B-sluttspelet tok seg heile vegen til finalen.

Jentene i 2003-årgangen vann A-finalen i fjor, no har gutane i same årgang fått oppleva omtrent det same.

Finalen gjekk mot Bønes 1 klokka 13 i dag, men blei ifølgje trenar Egil Thuen ikkje så spennande.

Corner = mål

– Vi hadde full kontroll. Gutane var fokuserte og spelte fin fotball.

Lysekloster/Nore Neset - Bønes 2-0 (1-0)

Emil Pedersen Matre skåra det første målet, etter flott assist av kaptein (og karatemeister) Benjamin Askvik Midtbø.

Kristoffer Orrebakken auka til 2-0 då han skaut ein corner via ein forsvarsspear og rett i mål.

Spelte 1/4 omgang med éin mann mindre

Egil Thuen, som sjølv tok 2. plass i Sogndal Cup då han var 14 år, fortel om god stemning før heimreise.

– Dette var veldig kjekt, ein skikkeleg lagsiger! Vi fekk eit gult kort, noko som i ungdomsklassane fører til 5 minutt utvising, men klarte oss heilt fint også då vi var i undertall.

Lysekloster/Nore Neset vann avdelinga si i 2. divisjon i vår, og er eitt av to lag som rykte opp til 1. divisjon før hausten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.