Sport | 30. mars 2014

Finalesiger til Lysekloster

Lysekloster gutar 13 vann finalen i vinterserien.

Finalesiger til Lysekloster
Lysekloster G13 vann vinterserien 2014. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. mars 2014 09:25

Etter siger i 4 av 4 innleiande rundar i vinterserien var Lysekloster G13 klare for mellomspel.

Mellomspelet starta på best mogleg måte, med 11-0-siger over Mathopen Hvit, før neste motstandar, Austrheim, blei slått 6-2. I siste runde i mellomspelet blei 5-4-siger over Kringlebotn.

Den andre puljevinnaren, Flaktveit, vann også alle sine tre kampar i mellomspelet, men i finalen tysdag blei Lysekloster for sterke, melder Atle Arne Olsen.

Lysekloster drog i land sigeren i ein spennande kamp og kunne sleppa jubelen laus etter 3-1-siger i finalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.