midtsiden

Fine plasseringer i NM

Os stilte sterkt i junior-NM i radiostyrte bilar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, oktober 3, 2011 - 09:55

I helga gjekk junior-NM i radiostyrte bilar av stabelen på Radøy. Deltakarane frå Os gjorde det bra og fekk fleire med i A-finalen.

 

– Etter laurdagens kvalifiseringsomgangar sikra brørne Andreas og Sindre Solberg Johannessen seg plass i A-finalen saman med Lars Henrik Fauske og Daniel Solberg, fortel Jostein Helland.

Finaledagen søndag var det Andreas som var beste osing, han hamna på ein fin 6. plass.

Sølv og bronse i B-finalen

Stian Fosse og Maria Johannessen kom til B-finalen og kjempa om sigeren der. Og dei var ikkje lang unna, 2. og 3. plass nærmare bestemt.

Marius Johannesen frå Borg MBK blei noregsmeister.

Trener på Os skule

Os håper på pallplassering neste år og trener innandørs gjennom hausten og vinteren.

– Vi trener kvar tredje helg inne på Os skule. Men vi håper å få oss ein permanent bane om ikkje så lenge, seier Helland.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11