Lokal | 24. nov. 2015

Finst det pengar likevel?

Kan auka løyving til trafikksikringstiltak på fylkesvegar få fart på fortau langs Hegglandsdalsvegen?

Finst det pengar likevel?
Fylket løyver 31,3 millionar til trafikksikringstiltak langs fylkesvegar. Kommunen vil freista å få Hegglandsdalsvegen på lista (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 24. nov. 2015 13:17

Midtsiden har gjennom fleire artiklar i haust retta søkelyset på ein av dei mørkaste skulevegane i Os. Sjølv om fartsgrensa no er satt ned i samband med utbetringane av Borgavegen, er framleis Hegglandsdalsvegen mellom Haugekrysset og Vallebrua eit trafikkfarleg område for mjuke trafikantar.

I samband med budsjetthandsaminga i Hordaland fylkeskommune har dei fire fleirtalspartia Ap, KrF, Sp og SV gjort endringar i fylkesrådmannen sitt budsjettframlegg på totalt 105 millionar kroner. På investeringsområdet er den største enkeltendringa ei auke på 31,3 millionar kroner til punktutbetring på fylkesvegane for å få tryggare skuleveg.

Atle Kvåle, ordførar i Fusa og medlem i miljø- og samferdselsutvalet i fylket for Arbeiderpartiet fortel at dei auka midla ikkje er øyremerka spesielle prosjekt.

– Det er ikkje satt av til konkrete prosjekt. Eg reknar med at det blir slik at kommunane kan søka frå potten. Eg håpar òg vi klarar å sette av tilsvarande summar i åra som kjem.

Skal vera frampå

Ordførar Terje Søviknes (Frp) forsikrar om at Os kommune skal vera frampå i eit forsøk på å få hand om nokre av midla.

– No er nok dette truleg til mindre tiltak, men i Os kommune er strekninga frå Haugekrysset - Vallebrua førsteprioritet av trafikksikring av fylkesvegane. Det kan vera at det er eit litt for stort prosjekt i denne samanhengen, men vi må freista.

– Kva med strekket frå avkøyringa til Reli Os til Irgenskrysset, kunne ikkje det vera aktuelt som eit mindre prosjekt?

– Der er vi allereie i dialog med fylkeskommunen og har midlar tilgjengeleg. Vi skal ha eit møte med fylket, forhåpentlegvis om ikkje lenge, for å sjå om vi kan gjera det på ein litt enklare måte enn det som tidlegare har vore krevd, svarar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.