Lokal | 13. des. 2017

Fint vintervêr fram til måndag

... så skal håpet om kvit jul bli vaska vekk.

Fint vintervêr fram til måndag
Os hamn måndag morgon. Vi får fleire slike dagar, men finvêret held seg ikkje fram til julaftan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. des. 2017 11:01

Snøen som kom laurdag har blitt liggande på hustak og i akebakkar denne veka, og det ser ut som om vi har vinter i Os i nokre dagar til.

Onsdag ettermiddag og natt til torsdag er det venta litt nedbør, men denne kan koma som sludd eller snø.

Frå torsdag til søndag ettermiddag er det meldt samanhengande minusgradar og lettskya.

Temperaturen skal halda seg på 2 til 5 minusgradar, himmelen blir nesten skyfri og vindstyrken er venta å halda seg på 1-3 m/s, med unntak av 4,5 midt på dagen fredag.

Neppe kvit jul

Natt til måndag er det meldt meir snø, men med opphaldsvêr på dagen.

Frå tysdag er det venta regn.

Yr melder 8 varmegradar, Storm melder 5, og det er venta 6-7 gradar og regn så langt vêrmeldinga på Pent.no går, til og med torsdag om ei veke.

Det betyr at vi må nøya oss med denne eine gode veka med vintervêr og god førjulsstemning - håp om kvit jul ser ut til å bli vaska vekk om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.