Lokal | 20. juli 2017

Finvêret held fram

I kveld skal det bli 27 gradar. Dei neste seks dagane ser heller ikkje så verst ut.

Finvêret held fram
Solnedgang over Bergen sett frå Linken i Os onsdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. juli 2017 07:24

Sommarstemninga vakna til liv i Os onsdag, då gradestokken endeleg viste over 20, himmelen var tømt for skyer og fjorden låg nærmast blikkstille.

I dag skal det bli endå varmare; 26 spår Yr, 27 seier Storm.

Det som i utgangspunktet såg ut som to sommardagar inneklemt av dagar med regn og lågare temperaturar er dessutan utvida til ei dryg veke med lettskya vêr.

Fredag er det rett nok venta nokre millimeter med nedbør og temperaturen skal ned i 19 gradar.

Men laurdag, søndag og måndag er det meldt sol og 22-23 gradar igjen!

Også tysdag og onsdag er det meldt lettskya, men då skal temperaturen ned i 17 gradar.

Først torsdag om ei veke er det meldt regn igjen.

Sjå detaljert vêrvarsel for Os frå Yr og Storm, side om side, på Pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.