Sport | 25. nov. 2013

Fire av fire

Søre Neset Volleyball held fram med å starta dårleg, men reise seg utover i kampen. I helga var det Sotra 2 som fekk unngjelde.

Fire av fire
Søre Neset-kaptein Karina Nilsen er nøgd med fire av fire moglege sigrar (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 25. nov. 2013 20:19

Før kampen i helga sto Søre Neset-jentene med tre av tre moglege sigre.

– Vi startar kampen med det typiske Søre Neset-syndromet - Frykteleg dårleg, fortel kaptein Karina Nilsen.

– Men, som i dei andre kampane reiser vi oss utover i kampen og tek ein grei siger.

Mindre personlege feil

Søre Neset vann 3-1 etter settsifra 22-25, 25-11, 25-11 og 25-10.

– Utover i kampen gjorde vi mindre personlege feil og spelte betre samen.

– Eg veit ikkje kvifor kampane våre blir slik. Kanskje kan det ha med å gjera at det varierar eindel på kven av oss som er på trening.

– Det virkar nesten som om vi treng det første settet på å spele oss saman, analyserar Nilsen.

Neste kamp går heime i Oshallen måndag om ei veke mot Risnes frå Nordhordland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.