Lokal | 29. nov. 2015

Fire av ti bustadbrannar har elektrisk årsak

Nye tal frå DSB for dei siste ti åra syner at minst 41 prosent av bustadbrannane i Hordaland kjem frå feil i el-anlegg eller feil bruk av elektriske utstyr.

Fire av ti bustadbrannar har elektrisk årsak
Anne Kjersti Storebø og Martin Østgulen Svendsen i førebyggjande avdeling er denne veka med på Aksjon bustadbrann (arkivfoto: AH)
Andris Hamresøndag 29. nov. 2015 16:53

Dei tre største brannårsakene i Hordaland i perioden 2005-2014 er open eld med 27 prosent, feil bruk av elektrisk utstyr med 26 prosent og feil i el-anlegg med 15 prosent. I 15 prosent av brannane er årsaka ukjend.

Komfyren den største enkeltårsaka

Desember er den mest brannfarlege månaden i året, og særleg perioden mellom jul og nyttår. Difor arrangerast brannvernkampanjen Aksjon bustadbrann i desember. Til no i år har to personar omkome i brann i Hordaland.

- Det er i stor grad personar som høyrer til risikoutsette grupper som miss livet i brann. Særleg gjeld dette eldre menneske, og alle er ikkje i stand til å ta vare på eigen branntryggleik. Sjekk difor om dine nærmaste har røykvarslar som fungerer, og om dei har behov for ein komfyrvakt, seier Anne Kjersti Storebø, leiar for førebyggande avdeling i Os Brannvesen.

Komfyren er den største enkeltårsaka til brann i Noreg.

- Så godt som alle komfyrbrannar kjem frå menneskelege feil, og ikkje tekniske feil ved produktet. Ved å installere komfyrvakt, kan du hindre at komfyrbrannar oppstår. Alle bør installere komfyrvakt, seier Storebø.

Kjem på besøk

Cirka 40 000 husstandar over heile landet får 1. – 3. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og elektrisitetstilsyn, med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.

- Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken frivillig, og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Storebø.

DSB, Norsk brannvernforening og Gjensidige står bak Aksjon bustadbrann, medan representantar frå brann-/feiarvesen, det lokale elektrisitetstilsynet og lokale Gjensidige-kontor står for den lokale gjennomføringa. Aksjonen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper.

Lokalt er det Os Brannvesen som står for gjennomføringa av kampanjen.

På sikkerhverdag.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken. Du kan òg følgje Aksjon bustadbrann på Facebook eller møta brannvesenet på stand på Amfi Os førstkommande tysdag mellom 10 og 14.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.