Sport | 03. jan. 2012

Fire frå Os på samling i Oslo

Fire roarar frå Os roklubb fekk delta på romjulssamling på toppidrettssenteret.

Fire frå Os på samling i Oslo
F.v.: Thorbjørn Sperrevik Hansen, Arne Hadler-Olsen, Mattias Haugland og Amund Bjørnevik. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. jan. 2012 14:29

Os roklubb har deltatt med fire utøvarar, Thorbjørn Sperrevik Hansen, Arne Hadler-Olsen, Mattias Haugland og Amund Bjørnevik, på romjulsamling.

Samlinga gjekk av stabelen 27. til 29. desember på toppidrettssenteret i Oslo.

– Roarane blei tatt ut til samlinga på bakgrunn av gjennomførte nasjonale testar i starten av desember, fortel Audun Hadler-Olsen, som var trenar under samlinga.

Samlinga blei leia av assisterande landslagssjef Esther Verburg og utøvarane blei undervist om basistrening, motivasjon og konkurranseførebuing mellom dei fysiske fellesøktene.

– Dei unge utøvarane fekk trena under inspirerende forhold og fekk nok ein god dose motivasjon til gjennomføring av den tunge vintertreninga som no står for tur, seier Hadler-Olsen, som frå februar til august skal ha permisjon frå jobben ved Os lensmannskontor for å trena dei største ro-talenta på Vestlandet.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.