Jan Borgen tok sølv i spyd og gull i fire andre øvingar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fire KM-gull til Jan Borgen

Tok fem medaljar på historisk stemne: To år etter hjarteinfarktet blir Borgen stadig sterkare.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I helga blei kretsmeisterskapen i friidrett veteran arrangert på Kuventræ. Os Turnforening hadde 51 deltakarar, 160 startar og - som vanleg - strålande vêr.

– Vi har vore utruleg heldige, det same har deltakarane, vi har hatt fint vêr på kvart stemne etter at nye Os Idrettspark opna, seier Bjørn Michelsen frå friidrettsgruppa.

Arrangørane kunne hatt endå fleire deltakarar om ikkje haustferien var i gang. Blant veteranane som deltok var det fleire tidlegare OL-deltakarar og minst éin regjerande nordisk meister.

Borgen gjorde reint bord

Jan Borgen, som fylte 71 år i sommar, er framleis ein stor atlet.

– Eg var litt varsam i fjor, etter at eg året før hadde eit lite hjarteinfarkt. Den siste tida har eg trent god, og no merkar eg at det går rette vegen, seier Jan til Midtsiden.

Han tok sølv i spyd, men var suveren i dei andre øvingane han deltok i. Klassen han deltar i, 70 til 74 år, var klassen med flest deltakarar.

Her er resultata til Borgen:
Diskos 31,29 m (2. plass kasta 25,85)
Slegge 30,69 m (2. plass kasta 22,39)
Kule 10,58 m (2. plass kasta 9,12)
Vektkast 12,9 m (2. plass 10,11)
Spyd 27,54 m (1. plass 31,12, 3. plass 21,53)

– Ofte er eg einaste frå Os på dette veteranstemna, det var veldig kjekt at fleire stilte opp denne gongen. Kanskje klarer vi å laga eit stort veteranmiljø på Kuventræ, seier Jan, på telefon frå Cambrils  utanfor Barcelona, der han og 15 andre frå klubben er på treningsleir i haustferien.

Tre KM-gull til Jostein Hausberg

Fleire av dei vaksne i friidrettsgruppa prøvde seg på nokre av øvingane.

Foreldra til Målfrid Lunde Pettersen, Marit og Geir Ove, deltok i kulestøt. Friidrettspappa Svein Hausberg kasta kule og spyd. 

Svein lokka også med seg pappa Jostein, som deltok i MV 80 til 84 år og tok tre gull og ein bronse.

– Han har drive med mange ulike idrettar, og fram til han var rundt 70 år så dreiv han og tok idrettsmerke frå år til år. No er det lenge sidan han har vore med, men han var sprek og stilte opp då vi hadde KM på heimebane, seier Svein.

Her er resultata til dei andre frå Os:

Jostein Hausberg (MV 80-84)
1. plass Vektkast  7,16 m
1. plass Spyd 10,98 m
1. plass Kule 5,05 m
3. plass Diskos 13,86

Svein Hausberg (MV 45-49)
4. plass kule 7,49
3. plass spyd 26,36

Marit Pettersen Lunde (KV 50-54)
2. plass kule 6,85

Geir Ove Lunde (MV 55-59)
2. plass kule 6,28

Historisk stemne: Stavsprang (!) og sleggekast

Stemnet var ikkje berre eit kretsmeisterskap, det var innviinga av det nye kasteburet i Os Idrettspark.

Herfrå blei det, for første gong, kasta diskos og slegge. I tillegg var det fleire deltakarar som prøvde veteran-øvinga vektkast (16 kg).

– Vi hadde òg, for første gong, rigga opp til stavsprang, fortel Michelsen.

Kjetil Torvund (MV 35-39) 2,81 m, Helene Torvund (KV 35-39) 1,55 m og Jan Kristian Olsen (MV 70-74) 1,81 m blei det første til å konkurrera i stavsprang på Kuventræ.

Sette ny noregsrekord

Jan Kristian Olsen (MV 70-74) deltok i flest øvingar, heile 11 til saman.

Han vann 100 meter, stav, tresteg og høgde.

I høgde sette han ny norsk rekord med 1,48 meter.

Det blei òg sett ny banerekord i kule då Stein Fossen kasta 11,27 meter.

Frå OL til Os

Blant deltakarane var Sigurd Njerve (46), som blei noregsmeister i tresteg i 1995, 1996 og 2000, og som deltok i OL i Atlanta i 1996. 

Han var første nordmann over 17 meter, og har ein personleg rekord på 17,01 meter.

På Kuventræ kasta han spyd og vann med 43,83 meter.

I klassen 80 til 84 år var Arne Hamarsland blant deltakarane. Hamarsland har tidlegare sett sju norske rekordar. Han tok 9. plass på 1500 meter i OL i 1960, og fekk kongepokalen etter å ha slått Einar Førde i 1963.

I KM i Os Idrettspark vann han 400 meter med tida 1.47,20.

Nordisk meister på 87 år

Då Midtsiden var i idrettsparken var dei yngste (35 til 60 år) og kasta kule mens dei eldste kasta spyd.

Leif Bjordal, som fylte 87 år dagen etter, blei nordisk meister i spyd i 2016.

– Eg var opprinneleg mellomdistanseløpar, men då eg blei eldre måtte eg opp i distanse for å vinna. Så fekk eg trøbbel med hofta, og då gjekk eg over til kast, fortel Bjordal.

Bjordal vann klassen sin i både kule, diskos og spyd - og trass hofteproblem deltok han på 100 meter og tok 2. plass.

– Det er heilt utruleg fint å vera her! Anlegget er strålande og omgjevnadane er heilt fantastiske - samla sett må dette vera det finaste friidrettsanlegget i heile Noreg, meiner Bjordal.

Leif Bjordal menn 85 til 89 år
Kule 7,24 m
Diskos 16,27 m
Spyd 20,51 m
100 m 24,14 (2. plass)

På Kuventræ møtte han ein komande konkurrent frå Os. Neste år fyller atleten John Lepsøy 85 år og går opp i same klasse. John var påmeldt i år, men hadde problem med handa og blei tilskodar.

– Eg kjenner at det kriblar etter å vera med, seier John, som med 66,30 meter har kasta spyd lengre enn klubbrekorden i Os Turnforening .

• Komplett resultatliste finn du på osturn.no (PDF)