Lokal | 07. des. 2017

Fiskebutikk stengt grunna flaum

– Eg håper å opna igjen i 12-tida, eg må berre ausa kjellaren, seier Freyr.

Fiskebutikk stengt grunna flaum
Elva i Elvebakken stå oppetter veggen på kjellaren til fiskebutikken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. des. 2017 10:05

Bildeserie:

Det står mykje vatn på oppsida av butikken. (Foto: KVB)
Det står mykje vatn på oppsida av butikken. (Foto: KVB)
Freyr håper han ikkje har mista for mykje varer etter at straumen i kjellaren gjekk. (Foto: KVB)
Freyr håper han ikkje har mista for mykje varer etter at straumen i kjellaren gjekk. (Foto: KVB)
– Ein fryseboks er øydelagt, men kjølerommet skal vera berga. (Foto: KVB)
– Ein fryseboks er øydelagt, men kjølerommet skal vera berga. (Foto: KVB)
Pumpa tar unna fortare enn vatnet kjem inn. (Foto: KVB)
Pumpa tar unna fortare enn vatnet kjem inn. (Foto: KVB)
Vatnet renn sakte forbi bygget. (Foto: KVB)
Vatnet renn sakte forbi bygget. (Foto: KVB)
– Eg trur denne dreneringa har for liten kapasitet. (Foto: KVB)
– Eg trur denne dreneringa har for liten kapasitet. (Foto: KVB)
På nedsida renn det meir fritt. (Foto: KVB)
På nedsida renn det meir fritt. (Foto: KVB)
1 av 7

Nedbørsmengdene, som skal auka på i dag og i morgon, byrjar å prega Osbygda. I går trengte vatn inn i kjellaren på ein bustad i Os sentrum, i dag tidleg hadde den nye fiskebutikken Isfisk kjellaren fylt med vatn.

– Eg var innom butikken i 1-tida i natt. Då såg alt greit ut, men då vi kom på jobb i dag var kjellaren fylt med vatn, fortel innehavar Hlynur Freyr.

• Skaper vatn problem der du er? Send tips og bilde til tips@midtsiden.no eller ring vakttelefon 97975200.

Den nye butikken opna i Elvebakken 26. oktober i år. No får dei smaka på elva i bakken.

Kan mista mykje varer

– Éin fryseboks er truleg øydelagt, i tillegg er nok 200-300 kilo med frosen fisk no i fare for å tina før tida. Full oversikt får eg ikkje før seinare i dag.

– Kanskje eg må selja flaumfisk, seier Freyr og ler.

– På Island selte dei flaum-bilar ein gong. Dei rusta etter fem år, legg han til.

Kjølerommet i kjellaren skal vera tett. Dette ligg dessutan 10 cm høgare enn resten av kjellargolvet, og varene står på ei 40 cm høg hylle.

– No har vi ei pumpe som heldigvis pumpar ut meir enn det kjem inn. Eg håper å få koma meg ned i kjellaren snart og berga mest mogleg av varene. Alt som er oppe i butikken er heldigvis greit, så vi har varer å selja når vi opnar etter lunsj.

Trur årsaka er feil dimensjonering

Bekken som renn frå Banktjørn forbi Rema Kuven Stasjon Isfisk og vidare ned til Baronselvo og ut i Oselvo ser ikkje ut til å renna så fritt forbi fiskebutikken.

– Det ser ut som om dimensjonen på eit dreneringsrør rett nedanfor butikken er feil. På nedsida er det større dimensjon og der renn det fritt, på oppsida ser det nesten ut som om elva renn feil veg, påpeiker butikkeigaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.