Lokal | 04. nov. 2016

Fjellheim på raudlista - og responsen lokalt

Lesarinnlegg: Foreninga Bevar Fjellheim om at Fjellheim har kome på fortidsminneforeninga si raudliste og den lokale responsen i etterkant.

Fjellheim på raudlista - og responsen lokalt
Fjellheim (foto: KVB)
Lesarinnleggfredag 04. nov. 2016 09:51

Det er å gleda seg over at fortidsminneforeininga nasjonalt har plassert Fjellheim på raudlista etter innspel frå avdelinga i Hordaland. Leiar av denne avdelinga seier at det er eit sterkt signal til kommunen at bygget er sett på som eit kulturhistorisk viktig bygg, og at ein bør sjå nærare på kva som kan gjerast for redda huset. Fortidsminneforeininga presenterer fleire gode bevaringsgrunnar, som er å lesa i Os og Fusaposten 22.10.16, der det er peika på bygget si historie med aktivitet, bygget sin kulturminneverdi og verdi for den lokale identiteten. Argumenta styrkar det som fleire har løfta fram i innspel til kommunen i planprosessen, og i innlegga i lokalavisa om bevaring av Fjellheim. Fortidsminneforeininga er ein frivillig organisasjon med eit offentleg formål, med lang røynsle og høg kompetanse når det gjeld verneverdige bygg.

I Os og Fusaposten si oppfølging av saka 26.10.16 er det å gleda seg over at representantane frå Arbeidarpartiet og Venstre begge meiner at saka om Fjellheim bør opp til ny politisk handsaming der ein tek med alle nye aspekt. Helge Steinum syner også til at dei saman med MDG, Sp og TvS la inn 500 000 kroner i det alternative budsjettframlegget for inneverande år, noko som er ei konkret oppfølging av det partia formidla i valprogramma sine om bevaring av Fjellheim. Steinum er klar på at «Fjellheim har livets rett og bør ikkje seljast.»

Ordføraren seier at innspelet frå Fortidsminneforeininga ikkje endrar på situasjonen, og han syner til vedtak om avhending av Fjellheim og områdereguleringa. Det er eit argument som treng nærare vurdering, då dei formelle dokumenta inneheld motsette vedtak. På kommunestyret 17.12.13 vart det røysta over framtidig bruk av Fjellheim, der fleirtalet gjekk inn for sal av Fjellheim, medan mindretalet hadde ønskje om fortsatt bruk av Fjellheim som samfunnshus. Det formelle vedtaket gjaldt såleis sal, - ikkje riving.

Når Fjellheim er stipla inn på det seinare vedtekne plankartet, inneber det eit framlegg om riving, noko som også vart stadfesta i planomtalen. Dei ulike signala om sal eller riving, er eit av dei aspekta som ein bør klargjera i ei ny handsaming av Fjellheimsaka.

Fjellheim som kulturminne.

Heilt frå oppstartmeldinga av planarbeidet for Os sentrum vest har Hordaland fylkeskommune som planmynde gjort det klart at Fjellheim er ei av bygningane (saman med brannstasjonen) med status som nyare tids kulturminne. Plan- og Kulturminnemynde i Hordaland har i fråsegn til oppstart av arbeid med reguleringsplanen av 07.02.12 sagt at: «Bygningen er eit kulturminne med høg lokal og regional kulturminneverdi. Den har høge arkitektoniske kvalitetar, og er eit viktig kulturminne som gjev kunnskap om dei frivillige organisasjonane (Turn- og musikklag) si kulturhistorie, samstundes som det var det «første» kulturhuset som vart bygd i Os kommune. Bygningen har òg høg bruksverdi, då det er mogeleg med ny bruk. Bygningen bør difor bevarast og regulerast med omsynssone, jfr plb § 11-8 bokstav c og § 12-6.» Arkitekten Johan Lindstrøm er ein av dei kjende arkitektane i det som vart nemnd som Bergensskolen i den tida Fjellheim vart reist, og kvaliteten i utforminga av bygget har vore løfta fram.

I utsegna står det vidare at «Vi ber om at det vert teken omsyn til desse kulturminneverdiane i det vidare planarbeidet.» Det har i liten grad vore tilfelle. I planprosessen har slike dokument som det frå fylket vore vedlagd, og dermed gjort kjende for den interesserte lesar, men ikkje vore moment i drøftinga av Fjellheim. Når ein eit stykke ut i planprosessen sette i gang ein « stadanalyse og moglegheitsstudie», var til dømes Fjellheim teke ut av faktagrunnlaget som vart gjeve for studiet. «Tatt ut» er vel ikkje akkurat å «ta omsyn til». Det er også med å svekka utsegna om at ein har teke omsyn til kulturminneverdiane i planarbeidet.

Når ordføraren seier at kommunen har konkludert med at bygget primært har lokalhistorisk verdi, verkar det som han meiner at kommunen har mandat til å overprøva fylket si vurdering av kulturminneverdi. Det er ikkje tilfelle, og argumentet er såleis ikkje riktig. Det som er tilfelle er at det er opp til kommunen å sikra kulturminne, uansett om dei har lokal, regional eller nasjonal vernestatus ved hjelp av plan og bygningslova. I det innleiande sitatet frå fylkeskommunen synte dei til kva paragrafar i plan og bygningslova som kan nyttast til slik sikring. Den sittande regjeringa har gjennom fagkanalane presisert dette ansvaret for kommunane, kommunen må sjølv søka slik kompetanse, og det er viktig at kommunane har eigne vedtekne kulturminneplanar.

Tilstand.

Som grunnlag til plansaka for området Os sentrum vest har ABO utforma eit dokument «Kulturminnedokumentasjon av nyare tids kulturminne» som inneheld tidleg historie, ferdselsårer, bygningsstruktur og einskildobjekt og anlegg. Dokumentet er beskrivande for dei ulike felta, men inneheld inga kulturminnefagleg vurdering. I det siste punktet som gjeld einskildobjekt, er det ein kort kommentar til tilstanden til Fjellheim, der dei skriv at med unntak for kontoret i 2. høgda og reingjeringsrommet er det «ikkje registrert synlege vesentlege bygningsmessige feil eller manglar.»

Den konklusjonen er i samsvar med tilstandsrapporten som vart utførd av fagfolk med god kjennskap til bygget. Å få utarbeidd ein slik rapport av foreininga Bevar Fjellheim vart gjort i dialog med ordføraren, som også godkjende fagfolka innan dei starta opp med arbeidet. Økonomioverslaget den gongen var primært knytt til branntekniske utbetringar som det var trong for m.a. etter monteringa av ventilasjonsanlegget. Det ville vore naturleg at det var kommunen sjølv som sto for tinging av ein tilstandsrapport, men når det vart tinga av foreininga var det i dialog med ordføraren. Det kan vera viktig å presisere, då det fleire gongar har vore peika på at foreininga sto for ein urealistisk kalkyle, medan kommunen hadde god kjennskap både til fagfolka og kva dei såg som naudsynt å utbetra for å kunne opna Fjellheim for bruk som samfunnshus.

Med tanke på ei opprusting i dag vil det vera viktig å definera kva bruk ein ønskjer av huset. Men den branntekniske sikringa vil vera ei basisinvestering. Det er ei viktig opplysning for leserane av Os og Fusaposten at dei fleste partia som utgjer mindretalet i kommunestyret, hadde lagt inn ein slik basissum i det alternative budsjettet for inneverande år. Det kan også retta opp påstanden som har fått festa seg om kor dårleg det står til med tilstanden til bygget. Politikarar og andre som har fått sjå bygget i åra det har vore stengt, har uttrykt at dei var overraska over kor god stand bygget er i med tanke på at det har vore stengt sidan 2011. Alle veit at bygg forfell når dei ikkje er i bruk, og når det gjeld ulike typar kulturminne, har det i mange år vore eit ideal om «vern gjennom bruk».

Bruk

Det har vore trong for eit samfunnshus som Fjellheim i dei åra bygget har vore stengt, og både skule, kulturskule, aktivitetsgrupper, musikkgrupper og helsegrupper har vendt seg til kommunen med ønske om å bruka lokala i Fjellheim. Det skulle såleis vera godt dokumentert for administrasjonen og politikarane, og for oss alle gjennom ulike oppslag i lokalavisa. Tanken om ein kulturakse i kommunesenteret vårt har vore lansert fleire gonger som eit grep i sentrumsutviklinga, og dagleg leiar i Fortidsminneforeininga peikar no på aksen i samband med utvikling av vognhallen.

Kommunen er i gang med drøfting av korleis vi skal ta i mot og handtera det aukande folketalet , og her går ein rett inn i eit av argumenta til Bevar Fjellheim. Vi treng eit samfunnshus i sentrum no og når folketalet aukar.

Ordføraren er medveten om trongen for forsamlingshus i sentrum, og han peikar på framtidige prosjekt i privat og offentleg regi. Men det er berre i avgrensa grad at desse kan vera eit alternativ til Fjellheim. Kvifor ikkje ta vare på det vi har i kommunalt eige, framfor å syna til delvis usikre framtidige prosjekt? Ønskjer vi å ta vare på Os med eit skapande aktivitets- og kulturliv og ikkje berre eit konsumerande, veit vi at det er trong for både øvings- og produksjonslokale for å halda aktiviteten i bygda.

Kommunen eig grunnen der Fjellheim ligg, det burde også vera eit viktig argument for å drøfta framtidig bruk av Fjellheim. Det er eit aspekt ein bør vurdere i ei ny sak også med tanke på utviklinga av kommunegjelda til Os kommune. Likeeins bør ein sjå nærare på dobbeltrolla til kommunen som samfunnsutviklar og eigedomsutviklar. Ein kan kanskje finna svar på noko av det som verkar ulogisk i denne saka, om ein såg på ei rolleavklaring her.

At Fjellheim har komen på raudlista til Fortidsminneforeininga, er noko politikarane våre bør ta signala frå og ta ein ny debatt om m.a. verneverdi og bruksverdi av Fjellheim. Her bør det framleis telja at 4000 har skrive under på oppropet om å bevara Fjellheim.

31.10.16

Foreininga Bevar Fjellheim

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.