Sport | 23. nov. 2014

Fjerde siger på rad

Os tok søndag ein grei bortesiger over botnlaget NHHI.

Fjerde siger på rad
Madeleine Hjertnes blei toppskårar med åtte mål i dagens bortekamp. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. nov. 2014 19:14

Etter tap i sesongens fem første kampar har handballdamene til Os no vunne fire på rad.

Dagens bortesiger over NHHI kom som bestilt, NHHI har uavgjort som beste resultat etter sesongens ti første kampar.

– Det blei ikkje så mange mål forskjell. NHHI hadde blant anna ein god linjespelar som vi kjempa litt med å halda kontroll på, seier trenar Gitte Torp.

NHHI - Os 19-24 (12-14)

– Men vi leia heile kampen og tok to poeng, det var det viktigaste.

Madeleine Hjertnes, som hadde fleire stolpeskot, men ingen skåringar i førre kamp, tok kraftig igjen i dag.

– Madde spelte strålande og blei toppskårar med heile åtte mål, fortel Gitte.

Også neste kamp, 6. desember, går på bortebane. Då møter Os serieleiar Fyllingen.

Terminliste og tabell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.