Lokal | 09. jan. 2012

Fjernar bølgebrytaren

Halve bølgebrytaren, som i desember blei skadd i bølgene, blir no fjerna.

Fjernar bølgebrytaren
Tørris i aksjon i Os hamn laurdag. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. jan. 2012 09:45

Den 120 meter lange bølgebrytaren, som i februar i fjor blei montert for å forlenga moloen på Mobergsneset, har fått juling i fleire omgangar.

Allereie månaden etter montering lausna den frå enkelte feste og måtte tauast i le for moloen.

Fjernar lause brygger

Får ein månad sidan var det endå verre, 8. desember lausna fleire av bryggene frå kvarandre.

– Sidan har nokre av bryggene lagt og banka i kvarandre, men no skal vi få dei som er lause vekk frå Os hamn, seier Jonny Garvik.

Cirka fem av dei ti bryggene skal vekk.

Tar også med seg lodda

Laurdag var Garvik med den nye båten sin, Tørris, og starta jobben med å fjerna bryggene og lodda som held dei på plass.

– Kvar brygge er festa med fire lodd. Eg trur kvart lodd er rundt fem tonn.

– Kvifor ligg ikkje lodda igjen, til seinare forankring?

– Nye brygger bør forankrast på nytt. Dessutan ville ditt blitt drygt med 40-50 blåser liggande utanfor moloen gjennom vinteren, seier Garvik.

Bryggene blir mellomlagra ved Garvik og Hargun si hamn i Øyane.

Førebels er éi av bryggene slept vekk. I vekene framover, avhengig av vêret, vil resten av dei skadde bryggene bli fjerna.

Kva Os Sjøfront, som eig bølgebrytaren, vil gjera med skjerminga i framtida, er førebels ukjent for Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.