Sport | 14. nov. 2014

Fjorden med to fulltræffarar

To spelarar frå 2. divisjon, begge frå klubben Træff i Molde, får heimebane i Lysefjorden neste sesong.

Fjorden med to fulltræffarar
Ola Sjømælingen (t.v.) og Tobias Rødseth har gått frå 2. divisjonsklubben Træff til Lysekloster. (Foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster IL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. nov. 2014 21:19

For eit par veker sidan signerte Lysekloster kontrakt med toppskåraren i 3. divisjon i år, Alexander Dang frå Vadmyra.

No er yttarlegare to forsterkingar på plass, Lysekloster får medisinstudent Ola Sjømælingen i forsvar og Tobias Rødseth, som les pedagogikk i Bergen, inn som kantspelar neste sesong.

Begge har i år spelt for Tæff, som i fjor lenge kjempa om opprykk til 1. divisjon, men i år landa på 10. plass i Oddsenligaen.

På trening gjennom heile 2014

– Ola har trent med oss i år, mens han har studert ved UiB. Men han har pendla heim og spelt kampar med Træff.

– No har vi heldigvis signert han og i tillegg fått med oss eine lagkameraten hans, kantspelar Tobias, som flytta til Bergen før skulestart i haust, fortel trenar Ørjan Sandal.

Sandal meiner dei to vil koma inn og styrka Lysekloster i neste sesong.

– Ola har vore med å løfta nivået på treningane våre i år og Tobias er berre 20 år, men verkeleg ein spelar for framtida. Begge er på banen når vi måndag startar oppkjøringa etter nokre veker med ferie, seier Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.