Lokal | 18. nov. 2014

Flagga til topps

E39 Svegatjørn-Rådal: Ordførar Terje Søviknes (Frp) og utviklingsdirektør for Lyseparken Fredrik Seliussen jublar over stortingsvedtaket.

Flagga til topps
Feira og flagga på førehand: Ordførar Terje Søviknes og utviklingsdirektør for Lyseparken Fredrik Seliussen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 18. nov. 2014 09:29

Etter 50 år med venting, dei siste åra med fleire milepælar i rett retning, er det endeleg klart at det blir ny veg mellom Os og Bergen.

– Dette er ein historisk dag i og med at vi får det endelege vedtaket.

– No har jo katta vore ute av sekken ei stund, sidan regjeringa har gitt si innstilling og transport- og kommunikasjonskomiteen har handsama saka med sine merknader, men det er i dag klubba fell, og vi får det endelege klarsignalet, jublar Søviknes.

Oppstart på vegen er venta å skje i oktober/november 2015.

Fire røysta mot

Oppdatert: Innstillinga frå transport- og kommunikasjonskomiteen blei vedtatt med 81 mot 4 røster klokka 14.35 tysdag.

Desse fira støtta i staden SV sitt forslag: Stortinget ber regjeringen fremme en sak vedrørende E39 mellom Os og Bergen som prioriterer framkommelighet for kollektivtrafikk og bedret trafikksikkerhet uten å medføre en vekst i persontrafikken i strid med klimaforliket.

Ingen skjer i sjøen

Ordføraren reknar med at saka vil gå greit gjennom Stortinget.

– Stortinget fungerer jo slik, at det er i komiteen dei reelle diskusjonane og merknadene kjem.

– Vi er også særs glad for at FrP/H-regjeringa og stortingsfleirtalet har akseptert å fjerna førehandsinnkrevinga av bompengar på prosjektet.

– I tillegg opnar no stortingsfleritalet gjennom handsaminga i transport- og kommunikasjonskomiteen for å gje bebuarar på på grensa mellom Os og Bergen, nærare bestemt Nordvik og Kalandseidet/Søfteland fritak for bompengar.

– Det har vært ein lang kamp, men vi har lukkast, smiler Søviknes, som ikkje ser nokre skjer i sjøen i samband med sjølve stortingshandsaminga.

– Nei, eg gjer ikkje det. Handsaminga i stortingssalen er på mange måter ein formalitet, saka er i realiteten ferdig debattert.

Viktig for Lyseparken

Vedtaket er ikkje berre viktig for å redusera køyretida mellom Os og Bergen, men òg for realiseringa av næringsområdet i Lyseparken.

– Vedtaket er ekstra viktig for Lyseparken.

– Vår klare ambisjon er at Lyseparken skal stå fram som det nye tyngdepunktet for næringsetablering i Bergensregionen.

– Fredrik Seliussen har ei viktig tid framfor seg. Først med oppstarten av områdereguleringa og planprogrammet for Lyseparken som skal handsamast i plan- og bygningsutvalet på torsdag, avsluttar Søviknes.

Lyseparken Næringsområdet er på 500 mål nytt næringsareal i Endelausemarka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.