Lokal | 24. mars 2018

Fleire bruker belte i buss

Stor beltekontroll sist veke. På Halhjem bruke alle bilbelte.

Fleire bruker belte i buss
Anne Margrethe Bøe er kampanjeansvarleg i Statens Vegvesen region Vest (pressefoto)
Andris Hamrelørdag 24. mars 2018 09:05

Den siste veka har 1197 passasjerar i bussar på Vestlandet blitt kontrollert av Statens vegvesen. Kontrollørar har sjekka beltebruk i 41 bussar, og 17 passasjerar brukte ikkje belte.

-Tall viser at trenden går rett veg, og vi kan sjå at mange fleire brukar belte i dag samanlikna med 2016, seier Anne Margrethe Bøe, som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen, Region vest i ei pressemelding.

Ein av kontrollane blei gjennomført på Halhjem, kor fem sjåførar og 116 passasjerar blei kontrollert. Alle hadde belte på.

Ein del mørketal

Ho meiner at bodskapen om å feste belte, også i bussen, er blitt kjent blant folk og tilbakemeldingar viser at fleire fester belte når dei tar buss.

-Det er fortsatt for mange som ikkje festar belte sjølv om dei har moglegheita. Truleg har vi ein del mørketal då vi trur at fleire festar belte like før kontrolløren kjem inn på bussen. Derfor er det viktig at vi fortset med å kontrollera beltebruken her, seier Bøe.

Gebyr er eit verkemiddel

Denne gongen blei det skreve ut totalt 14 gebyr i kontrollane. Gebyr for å ikkje bruke belte er på kr. 1.500,-.

- Gebyr er et virkemiddel for å vise alvoret av å ikkje bruke belte. Belte reddar liv, og vi vil at det skal bli like naturleg å bruke det i bussen som i bilen. Det å bruke belte i buss er ikkje bare viktig for eiga sikkerheit, men like mykje kan det hindra at du skadar andre i bussen, seier Bøe.

Tronge vestlandsvegar

Bøe seier at bussane som er kontrollert er dei som går på landevegen. Ho skulle ønskje at fleire i sterkare grad føler for å feste belte når bussen køyrer i relativ høg hastighet på dei tronge vestlandsvegane våre.

-Ulukka på E16 i haust og liknande ulukker andre stader i landet, viser kor viktig det er å ha belte festa når det skjer ein ulukke, slår ho fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.