Næringsliv | 05. jan. 2018

Fleire gjekk konkurs i 2017

Talet på konkursar auka frå 18 til 29 det siste året. – Truleg er det snakk om naturlege justeringar, seier næringssjefen.

Fleire gjekk konkurs i 2017
Næringssjef Daniel Skotheim trur auka i talet på konkursar mest sannsynleg er naturlege justeringar i marknaden (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 05. jan. 2018 09:48

Tal Midtsiden har henta ut frå kunngjeringar frå foretaksregisteret syner at det var 29 selskap og enkeltpersonforetak som i 2017 måtte ta den tunge vegen til skifteretten gjennom konkursopning, tvangsoppløsning eller tvangsavvikling. Vi har då ikkje tatt med kunngjeringar med varsel om desse eller innstilling/avvikling av bubehandling.

Tilsvarande tal for 2016 syner at det var 18 selskap og enkeltpersonforetak som måtte avvikle.

– Generelt sagt, så er dette truleg ei naturleg justering, sjølv om talet er høgre for 2017 enn det var i 2016. Det er jo slik at nokre kjem og nokre går, seier næringssjef Daniel Skotheim når Midtsiden fortel han om tala.

Ikkje dramatisk

Næringssjefen blir ikkje skremd av tala og er glad for at det ikkje er einskilde bransjer som er spesielt råka.

– I prosent av antal verksemder i Os er ikkje dette dramatisk. Per 1. kvartal 2017 var det 570 bedrifter i Os. Det er trist for dei det gjeld, men diverre er det slik at ikkje alle klarer seg.

– No har eg ikkje sett kva verksemder dette gjeld, men eg forstår ut frå det du seier at det er snakk om mange ulike bransjar. Det er betre at det er spredning enn at det er ei branskje som er hardt råka.

– Det er jo noko som kjenneteikner næringslivet i Os. Vi har mange bransjar representert og er slik sett ikkje så utsett for konjunktursvingingar som andre kommuner kor ein gjerne har ei stor næring representert.

Risiko å starta nytt

Næringssjefen er glad for at det er mange som etablerar seg i Os, men peiker også på at det er ein risiko å starta opp ny verksemd.

– Tala mine syner at det var 537 bedrifter i Os 1. kvartal 2016 mot 570 i same periode i 2017. Det er positivt. Men samstundes veit vi at med vekst, så vil det også vera vekst i dei som ikkje klarar seg. Det er tøft å starte ny verksemd og det er ein større risiko at dei som er nye ikkje overlever dei fem første åra, påpeiker Skotheim.

Tal frå SSB syner at av 42.069 foretak som blei etablert i 2009, så var det drøyt 27 prosent av desse som framleis var aktive i 2014. Aksjeselskapa var dei som var mest overlevingsdyktige med ein overlevingsgrad på nesten 49 prosent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.