
Os Gymnas er under omfattande oppsussing. Samstundes går undervisinga for fullt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Fleire har blitt sjuke
Eit omfattande oppussingsarbeid på Os Gymnas er i siste fase. Medan ventilasjonsanlegget ved skulen skal skiftast er luftkvaliteten så dårleg at enkelte elevar og foreldre lurer på om det er forsvarleg å halda skulen open.
– Nokre elevar slit med allergi og kløe, andre fortel om tunge skuledagar i dårleg luft, seier faren til ein elev som er sjuk og trur årsaka er dårleg inneklima.
– Eg har også høyrt at fleire læarar slit, og at nokre av dei er sjuke. No lurer eg og fleire foreldre på om det er tatt målingar, om skulen har kontroll på inneklimaet i oppussingsperioden.
Pensjonert verneombod
Verneombodet ved skulen, Knut Natvik, gjekk av med pensjon til nyttår.
– I forkant av oppstart på oppussingsarbeidet var denne utfordringa sjølvsagt diskutert. Det interne arbeidsmiljøutvalet fatta vedtak om at det jamleg skulle bli tatt prøvar av luftkvaliteten, seier Natvik.
– I haust var det ikkje så gale, for då ventilerte vi på gamlemåten, altså ved å opna vindauga. Men no når det har blitt kaldare og mindre passande å ha vindauga opne, samstundes som arbeidet gjerne er i ein meir støvete fase, ser eg for meg at det har blitt meir problematisk.
Etter det Midtsiden kjenner til er ikkje nytt verneombod på plass.
– Fleire slit
Rektor ved Os Gymnas, Trond Eikeland, var på reise torsdag. Men på ettermiddagen fekk vi ein prat med Eikeland per telefon.
– Eg er sjølv allergikar, og eg kjenner at lufta ikkje er god.
– Eg veit også at ein del elevar dessverre slit med dette.
– Har nokre av lærarane blitt sjukmeldt som følgje av inneklimaet?
– Vi har hatt nokre sjukmeldte, men ingen som har kryssa av for at det er forhold ved skulen som gjer at dei er vekke. Bortsett frå ein lærar som nyleg blei sjuk, eg meiner vedkomande sa at det var relatert til inneklima.
Prøvetaking torsdag
Eikeland seier at han nyleg har invitert HMT-seksjonen ved Hordaland fylkeskommune koma til skulen for å ta prøvar.
– Dei skal faktisk koma i morgon, seier rektor.
– Fryktar du konklusjonen i rapporten?
– Eg reknar nok med at den fortel at vi bør gjera nokre tiltak, men eg håper vi kan klara oss med luftfuktar eller liknande, at vi slepp i flytta til andre lokale med delar av elevane.
– Er dette første måling som blir tatt?
– Nei, det er tatt éi måling tidlegare. Men det var i ein annan fase, no for tida er det er nok ein form for arbeid som påverkar luftkvaliteten meir enn tidlegare.
Kunne lånt Nordahl Grieg
Natvik fortel at Os Gymnas før arbeidet starta fekk tilbod om å låna rom i den nye Nordahl Grieg vidaregåanbde skule.
– Vi burde kanskje ha takka ja til det tilbodet. Det hadde kanskje blitt rimelegare også, for då kunne arbeidet gått for fullt og blitt ferdig fortare.
Eikeland seier spørsmålet var oppe til drøfting hos lærarane og at dei saman bestemte seg for å prøva å halda undervisinga i gang parallelt med byggearbeidet.
– Det blir mykje betre
Rektor er opptatt av at når arbeidet er ferdig til sommaren, så blir Os Gymnas ein veldig mykje betre plass å vera, både for lærarar og elevar.
– Skulen er cirka 40 år gamal og var moden for oppussing. Vi søkte om og fekk tildelt 25-26 millionar kroner til dette arbeidet og gler oss til resultatet.
– Vi har fått nye vindauge og ny belysning og heilt nytt ventilasjonsanlegg er i ferd med å bli installert.
Han håper samstundes at utfordringa dei står ovanfor i dag let seg løysa på ein fin måte.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
