Lokal | 28. apr. 2011

Fleire har sett elg

Onsdag blei det observert elg i Os. Det er ikkje første gong.

Fleire har sett elg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. apr. 2011 12:53

Onsdag morgon såg Tommy Lunde og Egil Lyssand ein elg kryssa Hegglandsdalsvegen ved Hegglandsliane.

Då vi skreiv om saka etterlyste vi samstundes tips om tidlegare observasjonar, og no har vi fått melding om tre ulike, både ferske og eldre observasjonar:

På Tøsdal på 70-talet
– Knut Kopperud såg ein elg rett oppe i skogen ovanfor øvste beitet på Tøsdal for om lag 35-40 år sidan. Han sprang ned til Magnhild Tøsdal på garden Tøsdal og lånte fotoapparat og tok bilde av elgen, fortel Øyvind Tøsdal.

Dessverre viste det seg at filmen i fotoapparatet var så gamal at då filmen blei framkalla var det ikkje noko på nokre av bilda.

– Elgen hadde visst blitt observert tidlegare og, men vedkomande som såg elgen torde ikkje fortelja det til nokon i frykt for å bli ledd ut. Men då Kopperud «sto fram» som elg-sjåar fortalte også vedkomande om kva han hadde sett.

Røykenes og Øvredal i fjor og på 90-talet
Ein Midtsiden-lesar var onsdag kveld rask med å fortelja om sin observasjon, og det var så seint som sommaren 2010 at han såg elg.

Også dette er ein Kopperud, tidlegare Os-spelar Espen Kopperud.

– Eg er ganske sikker på at det var ein elg eg såg på Røykenes, seier Espen.

Friluftsmannen og jegeren Tore Njøten skriv til Midtsiden om ein observasjon midt på 90-talet. Den observasjonen blei skriven om i Os & Fusaposten i si tid.

– Eg var på hjortejakt i Øvredalen då eg møtte ein ung elgokse. Eg har også høyrt om fleire observasjonar av symjande elg i fjorden, trur også det var ein som blei funnen drukna i ei fjøre, fortel Njøten.

Sommaren 2010 blei det blant anna observert ein elg som sumte mellom Fusa og Tysnes. Denne skal ha blitt jaga til land igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.