Lokal | 22. aug. 2014

Fleire melder seg

I dei seks første månadane i år, har 18 personar tatt kontakt med Skatt vest for å opplyse om millionar av kroner som har lege skjult i utlandet og Norge.

Fleire melder seg
Hittil i år har 18 personar meldt fra om skjulte pengar i utlandet til skatteetaten (ill.foto: skattetaten)
Andris Hamrefredag 22. aug. 2014 07:26

Det er ei dobling samanlikna med same tid i fjor.

– Om nokon av dei er heimehøyrande i Os kommune, er informasjon vi ikkje ønskjer å gå ut med.

– Vi held oss på regionalt eller fylkesnivå, fortel seniorrådgivar Øyvind Nicolaysen i avdeling for kommunikasjon og samfunn hjå Skatt vest.

Ikkje like lukka lenger

Ordninga frivillig retting, såkalla skatteamnesti, inneber at personar som har skjulte pengar i utlandet eller Norge som det ikkje er betalt skatt av, slepp å betale tilleggsskatt på opptil 60 prosent om dei frivillig, og på eige initiativ, kontaktar Skatteetaten.

- Hovudårsaka til at fleire og fleire vil gjere opp for seg, er at skatteparadisa ikkje lenger er like lukka for norske myndigheiter, forklarar underdirektør Anna Kirkeluten i Kontroll- og rettsavdelinga (KR) i Skatt vest.

I løpet av første halvår i år, er 14 saker ferdig behandla med vedtak om skatteamnesti. Dette betyr at Skatt vest har etterlikna ei formue på 186,5 millionar kroner og ei inntekt på 16,5 millionar. Dei nye sakene er ikkje ferdigbehandla, slik at dette primært er personar som har bedt om skatteamnesti tidlegare.

Positiv trend

I løpet av fjoråret blei det etterlikna 749,5 millionar kroner for formue og 32,2 millionar for inntekter, fordelt på 26 saker – ei auke frå 18 saker i 2012. Den positive trenden har heldt fram inn i 2014 og Skatt vest har behandla fem fleire saker det første halvåret i år enn i same periode i 2013.

- Som tidlegare er det flest saker kor kjelda til formue og inntekter går meir enn ti år tilbake i tid, såkalla «gamle pengar». At summane er lågare, skyldast at det ikkje har vore enkeltsakar som har trekt opp, men dette vil nok variere frå periode til periode, fortel Kirkeluten.

Sjølv om personane som melder frå kan få skatteamnesti, må dei altså betale inntekts- og formuesskatt, og renter, på beløpa som er unndratt kvart av dei siste ti åra formuen har eksistert.

- Meld deg før det er for seint

Om nokon vurderer om dei skal kontakta Skatteetaten for å etterlikne pengar, bør dei gjere det før det er for seint.

- Er det sett i verk kontrolltiltak som kan avdekke forholdet, eller skattekontoret kan få opplysningane frå andre – til dømes politiet – er ein for seint ute til å få skatteamnesti, presiserer Kirkeluten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.