
Os Gymnas. (Foto: Kjetil vasby Bruarøy)
Fleire millionar til gymnaset
Os Gymnas er under oppussing, i hovudsak for å få på plass nytt ventilasjonsanlegg.
Etter nyttår har det vore nokre utfordringar med inneklima, noko skulen no har tatt tak i.
Torsdag kom eit meir gledeleg bodskap til gymnaset;
– Skulen får yttarlegare 6,5 millionar kroner til å fullføra oppgraderinga av varme- og ventilasjonsanlegget i austfløyen av skulen, seier ordførar Terje Søviknes, i denne omgang sitert som gruppeleiar for Frp Hordaland på fylkestinget.
Det er fylkesutvalet si avgjerd han fortel om. Frå før har Hordaland fylkeskommune gjeve 20,85 millionar kroner til Os Gymnas.
– I alt er det no gjeve 27.350.000 kroner til rehabiliteringa, slik at heile prosjektet er fullfinansiert og arbeidet kan avsluttast i år, seier Søviknes.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no