Kultur | 14. feb. 2012

Fleire oppturar for ORBO

ORBO held fram med å klatra på listene i USA. Dessutan seier Russel Crowe (!) at han liker bandet sin nyaste musikkvideo.

Fleire oppturar for ORBO
ORBO under førre USA-tur, som også inkluderte plateinnspeling. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. feb. 2012 21:44

ORBO & The Longshots har fått ein brakstart med første USA-lanserte singel frå albumet Praire Sun, som hadde sleppefest i Oseana i haust.

"Nights Don’t Belong To Us" debuterte på 32. plass, klatra til 28. plass førre veke og ligg i dag på 23. plass, éin plass over Chris Isaak, éin plass bak Tom Waits.

AMA-chart: Sjå topp 40-lista

– Managementet mitt i USA er veldig nøgd. Dei seier dei aldri har sett eit ukjent band koma direkte inn på listene og klatra så fort, seier Ole Reinert Berg-Olsen til Midtsiden.no.

Forseinka release

Albumet Praire Sun, som fekk terningkast 6 i BT, skulle sleppast i USA for to veker sidan. Sånn blei det ikkje.

– Det var problem med shipping, så no utset vi release til turneen vår startar i månadsskiftet februar-mars.

– At vi blir spelt mykje på radio i forkant er berre positivt, no blir det promotert for fullt med både release og turné.

Merksemd i Hollywood

Det er ikkje berre radiokanalane som har fanga opp blues-rockaren frå Os og bandet hans.

Skodespelar og Oscar-vinnar Russel Crowe, kjent frå filmar som Gladiator, A Beautiful Mind og American Gangster, seier på Twitter at han liker musikkvideoen ORBO lanserte i førre veke.

Sjå videoen på YouTube

Det var fredag BA.no fortalte om Crowe sin kontakt med Christoffer Møgster, som er filmstudent i Bergen og var med på å laga musikkvideoen til ORBO.

– Han speler sjølv i band og er veldig musikkinteressert. Dessutan retvitra han videoen til sine over 300.000 følgjarar, så det var veldig kjekt, synes ORBO.

Crowe har også regissert ein musikkvideo for kona Danielle Spencer.

Fleire radiokanalar

Men merksemda frå Crowe er ikkje den einaste kontakten Ole har hatt med Hollywood-kjendisar.

– Kiefer Sutherland er ei anna musikkinteressert stjerne. Eg kjenner gitaristen hans og Sutherland skulle eigentleg synga duett med meg på låta Sin City. Men så blei sendeplanen til den kjente serien 24 endra, og Sutherland måtte stå over.

Sjølv om ORBO synes det er spennande med denne type merksemd, trur han det som skjer på amerikansk radio for tida er like viktig.

– No har også han som produserer radioprogrammet til Little Steven (kjent frå Bruce Springsteens E-Street Band og TV-serien Sopranos) bestilt plata til sine radiokanalar i New York og Los Angeles. Han produserer også programmet til Tom Petty, fortel ORBO eit par veker før avreise til USA og turné på den amerikanske austkysten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.