Lokal | 11. jan. 2018

Fleire rusa personar tatt med narkotika

Politiet kontrollerte både ei privat adresse og eit ungt par dei møtte i Os sentrum onsdag kveld.

Fleire rusa personar tatt med narkotika
Etter å ha funne narkotika heime hos ein mistenkt mann, møtte politiet to med hasj i lomma i Os sentrum. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. jan. 2018 08:16

Onsdag i 19-tida gjekk politiet til aksjon på ei privat adresse i Os. Bakgrunnen var mistanke om narkotika.

– Vedkomande som bur der, ein mann i 30-åra, var heime. Han framsto som rusa, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Det blei funne mindre mengde kvitt pulver på adressa. Dette blir sendt til analyse og det er oppretta sak.

To tatt med hasj i sentrum

I 21-tida i går kontrollerte politiet to personar dei møtte i Os sentrum.

– Dei såg rusa ut og begge hadde hasj på seg, opplyser politiet.

Dei to, ein mann og ei kvinne, er begge i starten på 20-åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.