Lokal | 20. feb. 2015

Fleire stakk frå kontroll

Vegvesenet avskilta fleire, men enkelte gav blaffen då dei blei vinka inn. – Men vi fann alle igjen, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Fleire stakk frå kontroll
7-8 bilar blei avskilta under denne kontrollen i går. Fire stakk frå staden før vegvesenet fekk prata med førar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. feb. 2015 10:58

Torsdag ettermiddag hadde vegvesenet med seg fotobilen til Os og kontrollerte 2000 bilar som kjørte retning sør på E39 forbi Hjellemarka.

– 7-8 stykker blei avskilta. I tillegg var det eit par som blei oppdaga litt seint grunna ein feil i systemet på tampen av dagen, fortel Lars Harald Drange.

Dei fleste som blei avskilta mista skiltet grunna manglande EU-kontroll.

Fire stakk av – to blir meldt

Men ikkje alle svinge av vegen då vegvesenet vinka dei inn.

– Vi fekk melding om tre bilistar som hadde kjørt vidare. Men vegvesenet hadde både registreringsnummer og skildring av førar, så vi fann alle igjen, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

To av dei hadde ei grei forklaring på kvifor dei ikkje stoppa på signal. Det skal ha hatt med praktiske forhold på staden å gjera, eller at dei ikkje fekk det med seg.

Dei besto også promilletest og hadde alt i orden teknisk og med dokument på bilen.

Den tredje mangla både EU-kontroll og forsikring og blir meldt for forholdet. Vedkomande kan venta seg ei tilleggsstraff for ikkje å ha stoppa på signal.

I tillegg til dei tre var det éin som kjørte i retning Bergen. Vedkomande blei funnen og blir også meldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.