Næringsliv | 15. mai 2017

Fleire stasjonar tomme for diesel

Låge prisar og manglande påfyll søndag kveld fører til ei aldri så lita krise for minst to stasjonar i Os.

Fleire stasjonar tomme for diesel
Søndag kveld og natt til måndag blei det tomt for diesel hos Circle K og Best. Dette bildet er frå 2. juledag 2016, med noko lågare prisar enn i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. mai 2017 08:14

– Det er tomt for diesel på Cirle K og Best. På Uno X er det lang kø, så no prøver eg meg på Esso, skriv ein Midtsiden-tipsar i ei melding til redaksjonen.

(Tips Midtsiden på 97975200/tips@midtsiden.no)

Hos Best-stasjonen stadfestar dei problemet.

– Det var tomt for diesel då vi kom på jobb klokka 5.30 i dag. Årsaka skal vera at ein sjåfør blei sjuk, fortel Kari Midland hos Best.

– Vi reknar med at leverandøren skaffar ny sjåfør, at vi får påfyll i kveld.

– Får ringverknadar

Nils Øyvind Eidsvik hos Circle K fortel at dei gjekk tom søndag kveld.

– Vi skulle fått påfyll i går, men sjåføren blei brått sjuk mellom Mongstad og Os, og måtte setja bilen frå seg.

Prisane har gått ned under 13 kroner for bensin og under 12 kroner for diesel.

– Med låge prisar i helga gjekk det unna med drivstoff, men no minkar det også på bensinen. Den eine tanken blei nettopp tom, den andre har vi berre 1000 liter igjen på.

Circle K har fått lov å prisa ned «super-dieselen» Miles Plus, der har dei førebels litt igjen.

– Det vil nok få ringverknadar at to stasjonar er tom. Sist Esso var tom så gjekk det ikkje lang tid før også vi fekk tømt tankane våre, seier Eidsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.