Sport | 26. mai 2015

Fleire treffsikre ungdomar

Os Skyttarlag opplever vekst og gode resultat blant dei yngre skyttarane. Denne veka er det Os-stevnet og 300 skyttarar på banane på Ulven.

Fleire treffsikre ungdomar
Osingar i Norheimsund, bak f.v.: Ådne Eide, Gaute Eide Bergstø, Amalie Evensen og Isak Eidsvik. Framme f.v.: Loke Eide, Didrik Vik, Kyrre Haugland, Håkon Eide og Markus Johannesen. Sofia Dale skaut torsdag og er ikkje på bildet. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. mai 2015 08:24

– Det har gått litt i bølgjer og dei siste åra har vi ikkje vore så sterke på ungdomssida, fortel Anstein Eidsvik frå Os Skyttarlag.

– Men no har vi 30-40 unge skyttarar som trener jamt, og med meir målretta instruksjon mot det å driva sport, ikkje berre ha skyting som fritidsaktivitet, har gjort at vi no har fleire med oss på stemne.

Mens veteranar som Reidar Dahle og Else Eidsvik dei siste åra har stått for dei beste resultata av osingane kan ungdomen no koma til å ta over.

– I dag har vi skyttarar i alle rekruttklassane, og stadig fleire representantar er i stand til å hevda seg i toppen.

Måla blir innfridd

I desember i fjor sette ungdomsgruppa seg eit beskjedent mål om å få minst éin kretsmeister og å vinna ei lagskyting på eit av kretsstemna i fylket i 2015.

– Allereie før banesesongen tok til for ein knapp månad sidan hadde vi fått samlagsmeister i både miniatyr og felt i rekruttklassen. I tilleg hadde vi fleire førsteplassar i same klasse på andre opne stemne, fortel Anstein.

Fullt hus og 3. plass

Rett før helga var det stemne i Norheimsund, der Os hadde med 18 deltakarar, heile 10 av dei i dei yngre klassane.

Det blei ingen førsteplass på dette stemnet, men Amalie Evensen skaut fullt hus 350 poeng og var berre nokre fattige innertiarar frå sigeren i klassen eldre rekrutt.

Det same gjorde Else Eidsvik i klasse V-73. Ho mangla berre 1 innertiar frå sigeren, men det blei tredjeplass på ho. Arvid Austefjord tok andreplass i klass V-55 med gode 343.

– Dei unge lovande aspirantane skaut også bra. Av desse var det nok Kyrre Haugland som smilte breiast med ny pers og gode 242, som gav han 3. plass på 25 skot i rekrutt.

– Dette var ikkje verst, spesielt med tanke på at dette var det første stemnet der han skaut med reim.

Nesten 300 påmeldt til Os-stevnet

Os Skyttarlag skal saman med Fana og Åsane arrangera noregscup i midten av august. Men før den tid kjem det også mange gode skyttarar til Os.

Denne veka blir Os-stevnet arrangert. Oppunder 300 har meldt seg på.

– Sidan det er noregscup denne helga har vi spreidd det over fleire dagar, sånn at også noregstoppen skal rekka innom Os-stevnet.

Onsdag kjem det fleire «kanonar» til Os for å delta. Os-stevnet held fram torsdag kveld og heile dagen søndag.

– Skyteinteresserte kan følgja stemnet live på våre heimesider. Men dei er naturlegvis også velkomen oppom på kafé i Skyttarhuset, der vi viser skyteskivene på skjerm, seier Anstein Edsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.