Lokal | 25. nov. 2015

Fleire uhell på glatten

Minst fire bilar har bulka eller køyrd utfor i Os onsdag kveld. Teknisk vakt åtvarar mot fleire glatte vegar.

Fleire uhell på glatten
Dette er ein av minst fire bilar som har bulka eller køyrd i grøfta i Os i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. nov. 2015 20:25

Onsdag ettermiddag byrja vegane i Os å bli glatte, særleg utanfor hovudvegane.

– Vi har tre bilar ute og strør, seier teknisk vakt i Os kommune.

Han kjenner til to utforkøyringar, éin hamna i grøfta i Åsen, i ein sving nær hundeskulen, ein drosje hamna utfor på Svegane.

Kjenner du til trøbbel i trafikken? Send tips/bilde på 907 89 270 eller kjetil@midtsiden.no.

Midtsiden har fått tips om utforkøyring i Industrivegen, der ein bil køyrde rett i eit gjerde ved Alutec.

I tillegg har det tydelegvis vore ein kollisjon på Ole Bulls veg, over Søvikåsen, for der står ein bulka Ford Transit i grøfta.

– Det er særleg der det er nylagt asfalt det er glatt, seier vakthavande hos Os kommune. Politiet var ikkje tilgjengeleg onsdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.