Lokal | 14. aug. 2014

Fleire ut i streik

Utdanningsforbundet tek yttarlegare 33 lærarar ut i streik i Hordaland. Trass i streiken må alle elevar møta som vanleg første skuledag.

Fleire ut i streik
Os Rådhus (Foto: KVB).
Kari M. Lyssandtorsdag 14. aug. 2014 09:12

18. august er det skulestart, men om ikkje streiken blir avblåst i tide er det totalt 425 lærarar ved dei vidaregåande skulane i Hordaland ute i streik.

Torsdag melder Hordaland Fylkeskommune på si nettside at ytterlegare 33 lærarar er tekne ut i streiken.

Sjølv om ingen av dei tilsette i skulane i Os er råka enda er det ein del osingar som er elevar ved andre skular i Hordaland.

Møt opp

Sjølv om streiken held fram i neste veke så er ikkje alle tilsette ved skulane i streik og deler av undervisinga vil kunne gjennomførast.

Alle elevar må møte opp første skuledag for å stadfesta at dei tar i mot plassen, sjølv om det er streik.

Fylkeskommunen seier vidare at ingen veit kor lenge arbeidskonflikten vil vare og anbefalar elevar å følgje med på informasjon frå den enkelte skule og frå Hordaland Fylkeskommune.

Lærarar frå desse vidaregåande skulane er tekne ut i streik:

• Amalie Skram videregående skole
• Arna vidaregåande skule
• Bergen katedralskole
• Bergen maritime videregående skole
• Bergen tekniske fagskole
• Langhaugen videregående skole
• Lønborg videregående skole
• Nordahl Grieg videregåande skole
• Olsvikåsen videregående skole
• U. Pihl videregående skole
• Åsane videregående skole
• Askøy vidaregåande skule

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.