Lokal | 21. des. 2014

Fleire utan vatn

Sundag morgon var fleire husstandar i Os utan vatn etter eit vassleidningsbrot i Gymnasvegen.

Fleire utan vatn
Det var mykje vatn som rann nedover mot Byvegen sundag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kari M. Lyssandsøndag 21. des. 2014 10:59

Bildeserie:

Teknisk sjef Marianne Kramer på plass i Gymnasvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Teknisk sjef Marianne Kramer på plass i Gymnasvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her har Bergen Vann fått stengt ein krane nær leidningsbrotet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her har Bergen Vann fått stengt ein krane nær leidningsbrotet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det blei eit synkehol der fontena frå vassleidningsbrotet var. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det blei eit synkehol der fontena frå vassleidningsbrotet var. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3

Kommunen melder på sine sider at dei arbeider med å fikse problemet og at enkelte abonentar kan oppleve problemer med vassforsyning og vasstrykk.

– Alarmen gjekk på Os Vassverk då det brått byrja å gå ut meir vatn enn normalt, fortel teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer.

Så kom tips om observasjonar i Gymnasvegen og Bergen Vann rykte ut.

– Fontene opp av bakken

I Gymnasvegen stod vassøyla opp som ei fontene frå bakken i grøfta og vatnet fossa ned mot Byvegen.

– Bergen Vann har funne feilen og stengt av leidningen der bruddet er.

Det har gjort at dei som har hatt hatt redusert vasstrykk skal ha fått normalt trykk igjen.

– Dei ventar no på gravemaskin og dei som no er uten vatn blir nok verande uten vatn til feilen er retta.

På Facebook skriv fleire personar om vassmangel, blant anna på Hjelle, Oshaugen, Kuvenbakken og på Hatvik.

Ut med vassvogn til Furulunden

Gravemaskina skal vera på plass i Gynasvegen, men det går ein nedgravd høgspentleidning ved vassleidningsbrotet, så no ventar dei på BKK før dei byrjar å grava.

No skal det kun vera 20-30 hus i Furulunden som ikkje har vatn.

Os kommune kjører ut ei vassvogn med 1000 liter drikkevatn som desse kan bruka, gor det vil gå ein del tid før dei har vatn igjen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.