Oselvo kom inn i Brugata på full flo klokka 13.15 i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Flo og flaum i Os hamn

Bildeserie: Oselvo gjekk inn i Brugata på full flo i dag.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Med svært stor vassføring i Oselvo kom det, som venta, vatn eit lite stykke forbi Engeline og inn i Brugata i dag.

I hamna var det høg vasstand, men stormen som var meldt har førebels ikkje kome til Os sentrum, og sjøen låg rolig rund og over bryggene.

Den sterkaste vinden skulle koma i dag, og i ettermiddag og kveld er det meldt 13-15 m/s (liten-kuling-stiv kuling). Dette skal avta til 10-12 m/s fredag og fram til midt på dagen laurdag.

Meir nedbør i vente

Store mengder overvatn er den største utfordringa i Os i dag.

Minst éin bustad har fått vatn i kjellaren, det same har fiskebutikken Isfisk, som i formiddag heldt stengd.

Det er meldt store nedbørsmengder også fredag.