
Flott siger av førstelaget
Onsdag morgon spelte Os 2 (gutar 16) første kamp i sluttspelet. Dei leia 1-0 etter skåring av Gustav Haddal, som forresten har bøtta inn mål for Os i turneringa, men Gran utlikna før slutt.
– I ekstraomgangane hadde dei kvar sin gode runde, utan at det blei skåring. Straffekonken gjekk vår veg, mykje takka vera tigeren Tommy i buret, seier Bjørn Mjelva, ein av trenaane til gutelaga til Os.
Klokka 12 i dag var det juniorlaget sin tur. Dei hadde full kontroll på Hallingdal og vann, men berre 1-0. Ruben Aasen skåra Os sitt mål.
Klokka 13.15 starta Os 1 (gutar 16) sin 1/32-finale. Der gjekk det fort og hardt for seg.
– Etter 12 minutt leia vi 4-0. Men det blei ein del etterslengarar og dommaren bles voldsomt i fløyta. Gule kort hagla så vi gjorde fem byte for å spara på kruttet, fortel Mjelva.
Egil Thuen, Sander Kvittingen, Ørjan Glesnes og Espen Borgen skåra Os sine mål. Espen Borgen sitt mål var ein corner som blei skrudd rett i nota.
Volsungur måtte reisa heim til Island med 0-4 i trålen, Os 1 er vidare til 1/16-finalen mot sterk, tysk motstand.
– Os 2 tapte 0-10 for Wittmund i deira andre kamp i dag. Tyskarane er nok sterke, men det høyrer med til historia at andrelaget vårt har ein del skadar og sit med få spelarar igjen, seier Mjeølva, optimistisk før torsdagens 1/16-finale (kl 10.00).
Før gutelaget skal i elden er det juniorane sin tur. Os G19 speler 1/16-finale klokka 19.30 onsdag kveld, mot Løvenstad, som slo Nordre Land 2-1 i deira 1/32-finale.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no