Næringsliv | 18. okt. 2017

Fløysand Tak utvidar i nord og sør

I sommar kjøpte dei seg opp i Trondheim, no startar dei eige firma på Stord.

Fløysand Tak utvidar i nord og sør
Jan Espen Larsen er dagleg leiar i Gudmund Fløysand sitt selskap, Fløysand Tak AS. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 18. okt. 2017 13:33

Fløysand Tak utvida selskapet sommaren 2017 med å kjøpa opp Trondheim Tak. Det trondheimsbaserte taktekkar-selskapet har òg ein base i Kristiansund, dermed vart Fløysand Tak godt utvida eit stykke nord.

No utvider Fløysand Tak også på Stord.

– Trondheim Tak er eit selskap som har drive i omtrent 15 år, og har i dag rundt 23 tilsette om ein omsetnad på 32 millionar kroner. Dette betyr at vi har grei rekkevidde frå Bergen og nordover, men det gjer òg at vi ønskjer å sjå litt i retning sør, seier dagleg leiar i Fløysand Tak AS, Jan Espen Larsen.

– Stord er ein fin stad å starta. Vi har til no ikkje hatt mykje arbeid på Stord, men vi ser at det er vekst i Sunnhordland og vi meiner det er moglegheiter å lykkast der med både store og små prosjekt.

Startar med eit kontor

I starten vil Fløysand Tak etablera seg med eit kontor som vil vera eit godt kontaktpunkt for marknaden på Stord, før det blir utvida med fleire tilsette.

– Vi meiner det er behov for å ha ein lokal base på Stord som kan pleia dei daglege behova. I første omgang handlar det om å vera synleg lokalt og å skaffa seg oppdrag. Gjennomføring av prosjekta klarer vi nok i starten å handtera med å senda folk frå Os, men seinare vil vi tilsetja lokale handverkarar som er fastbuande på Stord.

Når sjansen byr seg

Fløysand Tak har dei siste tre åra hatt ein årleg omsetnad på rundt 100 millionar kroner. No vert det fleire tilsette og fleire kontor som treng oppføljing.

– Av og til kjem det moglegheiter som ein vurderer fortløpande, det har vi gjort i desse to tilfella med både Trondheim og Stord. Vi har bestemt oss for å satsa på begge plassane samtidig som vi satsar vidare i Os og omegn.

– Så kan ein seia at det hadde vore enklast å utvida éin stad om gangen, men det er ikkje alltid at du kan styra kva sjansar som byr seg. Vi har uansett ambisjonar om å vera eit solid, trygt og lønsamt selskap, utdypar Larsen.

Trur på vidare vekst

Larsen er positiv til framtida innan taktekking og ser for seg ytterlegare vekst for Fløysand Tak.

– Det har skjedd mykje sidan Gudmund Fløysand (gründer og hovudaksjonær) starta med ei handfull tilsette, no er vi ei mellomstor bedrift og har ein flott struktur som kan handtera ytarlegare vekst.

– Det vart ein liten nedgang i 2016, men vi ser allereie i år at optimismen er godt tilbake i marknaden. Vi skal veksa på ein kontrollert og god måte, avsluttar Larsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.