Sport | 24. aug. 2016

Flydde åleine for første gong

Etter auka rekruttering det siste året har seks nye pilotar tatt sin første tur. To av dei debuterte i går.

Flydde åleine for første gong
Instruktør og skulesjef Kato Kvitne, Tonje Winther og Jan Erik Kasin i hangaren etter solodebuten tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. aug. 2016 20:44

– Vi fekk tre nykomarar i vår og hadde to-tre ganske nye frå før. Med Tonje og Jan Erik sine soloturar i kveld har alle no hatt seg ein tur åleine, fortel skulesjef Kato Kvitne til Midtsiden tysdag kveld.

Os Aeroklubb har ei merittliste fylt med noregsmeistrar. Fleire som i dag er flykaptein i norske flyselskap starta som seglflypilot på Vaksinen i Os. I vinter auka dei fokuset på rekruttering.

– Seglfly er ein god plass å starta, også her er opplæringa trinnvis, fortel Kvitne.

Du kan fly frå første dag, med instruktør som sit bak deg og hjelper til, men må ha helsesjekk, bestått teorieksamen og gjennomført 20 landingar med instruktør om bord før du får din første tur åleine.

Frå Nordsjøen og rett i lufta

Tonje Winther er ein av dei tre som var nye i vår. Som student i Trondheim for nokre år sidan blei ho fascinert av seglflyging, men det var først då ho som resultat av oljekrisa hadde ei stillingsendring og hamna på land at ho fekk tid til å prøva det sjølv.

No er ho tilbake i jobb i Nordsjøen, og då ho tysdag kom heim frå jobb gjekk turen rett frå Flesland til Os for Tonje, som bur i Bergen.

– Eg hadde 16 landingar med instruktør frå før, og reiste i utgangspunktet til Os for å ta to turar til.

I staden blei det fem turar, den siste åleine. Mellom turane med instruktør og før soloturen kasta ho seg over teoriprøven. Den hadde ho førebudd seg på i Nordsjøen.

– Det var litt spennande, og endå meir stille, å fly åleine. Landinga gjekk faktisk veldig bra, eg trur det er mi beste landing til no, seier Tonje.

Intensiv veke etter våt sommar

Kvitne synest litt synd på dei nye seglsflypilotane som gjekk rett inn i ein rekordvåt sommar.

– Det har vore få flydagar i juli, men i førre veke hadde vi heile 69 turar på seks dagar.

Ein av dei som var ivrig og tok mange flyturar i førre veke var Jan Erik Kasin frå Søfteland. Han har gode barndomsminne som passasjer med far, som flydde Cessna, men fekk til liks med Tonje heller ikkje tid til å koma seg bak spakane før oljekrisa. Jan Erik blei ikkje berre sett på land, han blei arbeidssøkjar og fekk god tid til å fly.

– Eg starta i fjor haust og ville i utgangspunktet ta sertifikat på propellfly. Eg blei anbefalt å starta med seglfly, og det angrar eg ikkje på.

Å sleppa kroken til slepeflyet og gli stille av garde i ein liten cockpit festa til store venger er ei spesiell og god kjensle, ifølgje Jan Erik.

Etter ei intensiv veke var han òg klar for å solo-debuten sin tysdag ettermiddag.

– Eg kom litt høgt inn då eg skulle landa. Det har eg gjort før òg, men det gjekk bra og det blir nok endå betre landingar med tida.

– Kan venta seg ein skummel dåp

Solo-debuten er ein milepæl i flygarutdanninga, men det er framleis ei stund til sertifikatet er i boks.

– Dei held framleis på med grunnkurs og treng blant anna 20 soloturar før oppflyging, eksamen og lisens. Når dette er på plass kan dei koma opp her, leiga fly og slep, og ta med passasjerar, seier skulesjef og instruktør Kato.

Tradisjon tru skal elevar likevel døypast etter første solotur. Kvar dåp er individuell, og når det er nok vitne på plass vil Jan Erik og Tonje få dåpen sin.

– Frå min eigen dåp hugsar eg berre eit bagasjerom, ein skogstur og ei elv, seier Kvitne, og ser ut til å setja ein støkk i dei to elevane.

– Éin ting er sikkert, eg kjem ikkje opp igjen til Vaksinen igjen utan å ha med meg eit klesskift, seier Jan Erik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.