Sport | 19. aug. 2014

Føler ikkje på presset

Med 3.45.00 på 3000 meter laurdag er Sverre Lunde Pedersen svært godt i rute før sesongen. – Følelsen er god, eg har fått trent bra i sommar.

Føler ikkje på presset
Sverre Lunde Pedersen har framleis plass til fleire sponsorar på bilen frå Frydenbø Bilsenter (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. aug. 2014 19:27

Med ein skadd Håvard Bøkko på sidelinja i sommar er det mange som peiker på Sverre Lunde Pedersen som den som skal redda æra til norsk skøytesport den komande vinteren. Ein av dei er den nye landslagstrenaren Sondre Skarli, som i nettavisen.no har vist stor tru på osingen.

– Pedersen var nær toppen i fjor. Eg trur han blir verkeleg god i år, seier landslagstrenaren til avisa.

Sjølv tar 22-åringen det heile med stor ro.

– Det bryr eg meg ikkje så mykje om. Det er fleire andre av dei norske som er bra. Eg skal ikkje bæra dette aleine.

– Samstundes så håper eg at vi er mange norske som går fort i vinter, det treng vi, ikkje minst i høve sponsormarknaden, kor vi slit litt, fortel Lunde Pedersen.

Håper på ei forlenging

Nettopp sponsormarknaden har vore ei utfordring for skøytelandslaget. Per no står dei berre med Lerøy som sponsor for landslaget. I tillegg håper Lunde Pedersen at han får til ei forlenging av si personlege avtale med Stor-Bergen Boligbyggerlag.

– Vi får berre lov til å inngå personleg sponsoravtalar for eitt år om gangen, så avtalen min med Stor-Bergen skal reforhandlast i haust.

– Eg har fått muntlege positive signal, så eg håper vi kjem til ei løysing.

– I tillegg har eg lov til å ha sponsorar lokalt på for eksempel bilen min, kanskje nokre av dei lokale verksemdene ser nytte eller glede i å få profilera seg der, smiler skøytetalentet.

Gjekk greitt

Trass i ein del uro på våren, kor far og tidlegare landslagstrenar Jarle Pedersen ikkje fekk forlenga kontrakta, og det gjekk tid før skøyteforbundet fekk på plass ein ny trenar, så fekk Lunde Pedersen lagt ned mykje god trening.

– Det er klart at vi ønska ei avklaring omkring trenarspørsmålet og det var godt då Sondre kom på plass.

– Men likevel så gjekk perioden greit. Treninga i april og mai styrte eg mykje sjølv. Eg veit jo kva som må gjerast, så det var berre å gjera det.

Fleir timar i skøytestilling

Frå juni til no har skøytelandslaget vore samla to veker i slengen, med ei veke "pause".

– Vi har hatt Oslo som base for barmarkstreningane, men òg ei veke i Tyskland, kor vi gjekk på is.

– Den største skilnaden frå i fjor er nok at eg har lagt inn fleire rolege økter og mengdetrening. I tillegg har vi hatt fleire timar i skøytestilling enn i fjor.

– Berre i juli hadde eg 100 timar i skøytestillinga, medan eg i fjor hadde 73 timar i same periode.

– Vi har kjørt harde økter kvar onsdag og laurdag, kor vi har prøvd å gjenskapa ein løpssituasjon, forklarer Lunde Pedersen, som også denne sommaren har styrt unna sjukdom eller skader.

– Vanskeleg å gå fortare

At treninga har betalt seg fekk Lunde Pedersen eit svar på laurdag då dei gjekk sommarløpet i Vikingskipet på Hamar. Sverre gjekk 500 meter på 37.36 og 3000 meteren på 3.45.00.

– Eg får meir svar på 3000 meter enn på 500.

– Det var eit veldig bra løp. Tida er 1,6 sekund raskare enn i fjor, og då syntest eg det var ei rimeleg bra tid.

– Korleis er den samanlikna med dei internasjonale konkurrentane dine då?

– Det er vel omtrent der dei vil vera òg, men eg har vanskeleg for å sjå at dei skulle gå så mykje fortare, seier skøyteløparen.

Vil ta eitt steg opp

Sverre Lunde Pedersen er heime i Os denne veka, men reiser tilbake til Oslo allereie i neste veke.

– Det blir den siste barmarkssamlinga før vi i september reiser til Berlin eller Herenveen for å gå på is. Deretter blir det ei is-samling i Stavanger i oktober, med uttaksløp til verdscup-laget før verdscupen startar i Asia i november.

– Dei store måla i år kjem i februar mars med VM enkeltdistansar i Herenveen og VM allround i Calgary.

– Kva er målsetnaden for sesongen?

– Å ta eit lite steg til. Då vil eg klatra opp på pallen i fleire løp. Det er eit naturleg mål, avsluttar Sverre Lunde Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.