Kultur | 01. sep. 2015

Folkekyrkja i framtida

Det er temaet når haustens første Torsdag i kyrkjeTuneT (TiTT) går i gang torsdag.

Folkekyrkja i framtida
Kyrkjetunet (Foto: Andris Hamre). Innfelt: Domprost Jan Otto Myrseth.
Kari M. Lyssandtirsdag 01. sep. 2015 08:13

Det er med det komande valet i tankane at kyrkjelyden har invitert domprost Jan Otto Myrseth til haustens første TiTT.

På valdagen 14. september blir det bestemt kven som skal sitta i soknerådet og bispedømerådet og i den anledning blir temaet denne torsdagskvelden "Folkekyrkja i framtida".

I kyrkjevalet får alle som er ein del av folkekyrkja vera med å velja kven som som skal vera med å bestemma ulike spørsmål kyrkja skal ta stilling til.

Om ein googlar omgrepet "folkekyrkje" får ein mange treff.

– Men tyder omgrepet "ei folkeleg kyrkje", eller "ei kyrkje for alle folk"? spør kyrkjeverje Gerhard August Hansen.

– Omgrepet er også brukt i Grunnlova, men kva forstår vi med dette ordet og kva forstår kyrkja som kyrkje med dette omgrepet?

Dette er noko av det som blir diskutert i kyrkjetunet denne kvelden.

Som vanleg på TiTT blir det enkel kveldsmat, musikk, samtale og den gode moglegheita til å få meir kunnskap til vidare refleksjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.