Lokal | 26. mai 2017

Følte seg bondefanga

Politikarane sa ja til oppstart av reguleringsplanen for Hjelle skule, men var ikkje spesielt glade for å ta landbruksarealet.

Følte seg bondefanga
Politikarane har vondt av å ta dette landbruksarealet på Hjelle og gjera det om til skule og offentleg formål (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 26. mai 2017 07:09

I Plan- og bygningsutvalet onsdag gav politikarane klarsignal til å starta opp reguleringsplanen for den nye skulen austom elva.

– Det er trist at kommunen ikkje finn andre områder til ny skule og må ta verdifull landbruksareal. Det er trist og beklageleg. Eg vil ikkje gå mot oppstart, men ønskjer føringar for å ta omsyn til det Fylkesmannen skriv om å ta vare på matjorda. Eg vil gå så langt at vi set eit vilkår om at det skal vera ein plan på korleis matjorda skal takast vare på, før ein set i gang, kommenterte Ove Frotvedt (Frp).

– Eg er litt på same spor som Frotvedt i forhold til at vi er litt bondefanga, bokstaveleg talt. Det er vanskeleg å gå i mot når det ikkje er funne eit alternativt område, supplerte Terje Sperrevik (TVS).

Såg på tomta for ti år sidan

Utvalsleiar Gustav Bahus (Frp) fortalde at det ikkje var første gang kommunen hadde sett seg ut tomta på Hjelle.

– Det er ein historikk på dette. Adhoc-utvalet som eg leia i 2006 landa på den same tomta som vi no har landa på, men den gang blei arealet ved skinnfloren litt lengre inne i Hegglandsdalen lagt inn i arealplanen.

– Denne tomta blei teken ut i meklinga med fylkesmannen. Han var negativ i utgangspunktet, men sa samstundes at om kommunen argumenterte godt nok, så ville dei kunne frigjera tomta til offentleg føremål, fortalde Bahus.

Ville ikkje legga skule kloss i industriområde

Harald Døsen (Ap) var nysgjerrig på kva grunnar det var for at ein i prosessen hadde forkasta andre alternativ.

– De skal få det same notatet som eg laga til formannskapet, men kortversjonen er at vi såg på tre alternativ. Hjelle, Lyssandfabrikken og arealet bak Lyssandfabrikken. Det siste arealet og Hjelle blei vurdert ganske likt i høve objektive kriterier som funksjonalitet, trafikksituasjon, lys, vind og liknande.

– Grunnen til å gå vekk frå arealet bak Lyssandfabrikken er at det er regulert til næring. Det å få skule tett opptil eit næringsareal, som ein ikkje veit korleis blir utnytta i framtida blei vurdert som uheldig. Difor vart arealet på Hjelle vald, forklarte Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling.

– Var ikkje arealet ved skinnfloren vurdert i det heile tatt, undra Bahus.

– Jo, det har blitt gjort ei konsekvensutgreiing på den. Konklusjonen var at skulen burde trekkast nærare sentrum. Vi har vurdert det dit at samla sett så er denne tomta den mest eigna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.