Førar tatt med kvitt pulver i lomma
– Ho kjørte vinglete heilt frå Vallaheiane. På Søfteland heldt ho på å krasja med ein brøytebil, fortel vitne.
Bildeserie:
Søndag i 20.30-tida blei ein bil stoppa på Gudriflaten.
Førar, ei kvinne i slutten av 20-åra, er mistenkt for kjøring i rus.
– Først trudde vi at ho skulle kjøra forbi bilen framfor, for ho låg på gulestripa lenge. Det var veldig vinglete kjøring, fortel vitnet som kjørte bak.
Nær kollisjon med brøytebil
Så forsto kvinna og mannen bilen bak at føraren av Opelen framfor truleg var rusa. Då auka dei avstanden og ringte politiet.
– Ho vingla heile vegen til Os. På Søfteland heldt ho på å få ein brøytebil i fronten og då ho svingte inn på Meny såg det også ut som om det skulle gå gale.
Men kvinna kom seg vidare og var inne på parkeringsplassen ved nokre bustadar nær Kiwi Gudriflaten då politiet fekk stoppa ho.
Med pulver i lomma
Det rykte ut patrulje frå både Bergen og Fana for å stoppa bilisten.
– Ho er mistenkt fo kjøring i rus og blir tatt med for blodprøvetaking, fortel politibetjent Ronny Øvrebotten.
Politiet har tatt beslag i førarkortet til kvinna, som er i slutten av 20-åra og har adresse i Bergen. Kvinna kjørte ein bil ho har lånt.
– Vi har også funne noko kvitt pulver i lommene hennar, som vi trur er narkotika, seier Øvrebotten.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.