Lokal | 01. nov. 2014

Førebygging høgt prioritert

– Difor ligg lista særs lågt før vi reagerer, forklarte lensmann Oddbjørn Dyrdal då han helste på kommunestyret tysdag.

Førebygging høgt prioritert
Lensmann Oddbjørn Dyrdal gav kommunestyret ein statusrapport tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 01. nov. 2014 08:20

Kommunestyret har gjort det til ein tradisjon å invitera lensmannen til sitt møte éin gong i året, for å få ein statusrapport og oppdatering på kva som rører seg i bygda.

Tysdag debuterte nye-lensmannen Oddbjørn Dyrdal på talarstolen.

– Eg var på kommunen sitt arrangement for eldre - Trygg i Os tidlegare i haust. Det er ein visjon som godt kunne vore visjonen for lensmannskontoret òg, innleia Dyrdal.

– Lista ligg lågt

Lensmannen er opptatt av førebyggande aktivitet for å hindra ny kriminalitet.

– Vi ser at vi til og med august har hatt 29 valdsepisoder i Os, mot 26 på same tid i fjor. Den generelle trenden dei fem siste åra viser ein nedgang, noko som er positivt.

– Vald er eit veldig viktig område som vi har stor fokus på, men kva skal vi gjera for å begrensa det? Vi veit at blind vald stort sett skjer i alderen 18-25 år, i det offentlege rom ved utestadar, i rusa tilstand.

– Difor er eg glad for det samarbeidet vi no har fått i gang saman med kommunen og utestadane, kor vi fokuserer på å førebygga.

– Samtidig har eg gitt mine folk melding om at lista skal ligga veldig lågt i høve det å gje reaksjoner i samband med å uroa fred og orden.

– Eg har utfordra dei på at eg vil ha fem §350-saker kvar helg. Det har eg gjort for å gje oss sjølv eit spark bak, og for at vi skal vera bevisste på at terskelen er låg.

– Etterkvart vil publikum bli bevisste på det òg. Det er ingenting som er betre enn at vi får null, forklarte lensmannen.

Utgjer 50 % av det totale bildet

Vinningskriminalitet utgjer om lag 50 prosent av det totale krimbildet i bygda. Fram til utgangen av august har lensmannskontoret registrert 170 saker, mot 193 i fjor.

– Det er òg det området kor vi har lågast oppklaringsprosent. Vi ligg under 10 prosent.

– At det ikkje ligg høgare er kanskje ikkje så rart, når vi ser kor mange saker som kjem inn etter ei helg, kor jakkar, mobiltelefonar og liknande er vekke.

– Ofte blir det meldt berre for at dei skal få igjen på forsikringa. Det er ei kjempeutfordring med så høge tal. Folk må rett og slett bli flinkare til å passa på sine eigne og andre sine verdiar.

Vil hindra rekruttering

Eit anna område lensmannskontoret har særleg fokus på er narkotikakriminalitet.

– Til og med august har vi registrert 91 saker, mot 49 i fjor. Vi hadde eit måltal på 71. At vi har så mange saker er ikkje overraskande for vår del.

– Det er eit konkret bevis på at narkotika er ei kjempeutfordring, både helsemessig for dei som misbrukar stoff, og i høve anna kriminalitet.

– Dei må finansiera misbruket, noko som både kan setja dei i gjeld og gje vinningskriminalitet. Det vil vi hindra med auka innsats.

– Det er òg viktig for oss å førebygga nye brukarar og hindra rekruttering til miljøet, forklarte Dyrdal.

Må jobba saman

Veksta i folketalet i kommunen gir lensmannskontoret nye utfordringar, men òg auka ressursar. Det siste året har kontoret blitt styrka med tre nye politiårsverk og fått godkjent ei ny organisering.

– Den kriminalitetsforebyggande innsatsen må foregå tverrfagleg og tverretatleg både proaktivt og reaktivt.

– Politiet kan ikkje frelsa verda åleine, vi må jobba saman og saman koma tidleg inn, helst allereie i barnehagar og på skulane, påpeika Dyrdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.