Lokal | 05. apr. 2018

Førehandsinnkrevjing - ein dårleg idé!

Lesarinnlegg: Det hastar for brutilhengarane!

Førehandsinnkrevjing - ein dårleg idé!
(Skisse; Statens vegvesen, 2015)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. apr. 2018 12:50

Førehandsinnkrevjing av bompengar til Hordfast er ein dårleg idé!

Hordfast AS er skipa av NHO og har tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, Øyvind Halleraker, som dagleg leiar. I desse dagar vurderer kommunane langs E39 mellom Bergen og Stord om dei skal teikna seg som medeigarar i aksjeselskapet. Formannskapet i Os har med Høgre og Framstegspartiet sine røyster innstilt på å takka ja til dette tilbodet.

Heile opposisjonen stiller seg negativ til dette.

Hordfast AS - eit lobbyselskap

Hordfast AS er framfor alt eit lobbyselskap som skal arbeida for å få Stortinget til å seia ja til ein firefelts motorveg mellom Bergen og Stord med bru over Bjørnafjorden. Selskapet er sterkt imot at alternativet over Tysnes og Fusa (indre alternativ) vert utgreidd nærare.

Dersom Stortinget gjer vedtak om å byggja bru over Bjørnafjorden, er utbygginga tenkt finansiert med 50 % av staten og 50 % med bompengar.

For Hordfast AS er kortast mogleg reisetid mellom Bergen og Stavanger det einaste som gjeld. For at ikkje kostnadskalkylen skal torpedera draumen om bru over Bjørnafjorden, er Hordfast AS viljug til å akseptera forenkla og billege alternativ som til dømes naturøydeleggjande løysing med motorveg i dagen over Bårdsundet.

Vi har liten grunn til å venta støtte frå Hordfast AS til kostbare støydempande tiltak der brua kjem i land i Søre Øyane.

Det hastar for brutilhengjarane!

Brutilhengjarane med Hordfast AS i spissen fryktar at utviklinga går dei imot og at motstanden mot monsterbrua vil auka etter kvart som nye prognosar og prioriteringar tvingar seg fram.

Difor ønskjer dei å koma i gang med parsellen Aksdal – Svegatjørn før det ligg investeringsmidlar på bordet frå staten.

Strategien er å få Stortinget med på å krevja inn førehandsbompengar på ferjene.

Med eit slikt vedtak tenkjer dei seg at det blir mogleg å finansiere oppstart med 5 milliardar kroner i lånemidlar i 2022 eller 2023 - med andre ord før staten tidlegast er i stand til å bidra med investeringsmidlar ein gong i 2024 eller seinare.

Her er det ikkje berre tale om å krevja inn bompengar i byggjeperioden, men å starta med bompengar før staten bidrar med investeringsmidlar, og før neste NTP-periode er behandla av Stortinget og endeleg plan for parsellen Aksdal-Svegatjørn er prioritert og fått klarsignal for oppstart.

Dette er ein særs dårleg idé, og må motarbeidast både av aktuelle kommunar mellom Bergen og Stord, og av Hordaland fylkeskommune.

Ingen førehandsbompengar på Svegatjørn-Rådal

Pågåande utbygging av E39 mellom Svegatjørn og Rådal til rundt 6 milliardar kroner vert realisert utan innkrevjing av førehandsbompengar. At ein slapp førehandsinnkrevjing vart i si tid presentert som ein siger for posisjonen i Os kommune. Vi hadde tross alt både ordførar i Os og samferdsleminister i regjeringa frå Framstegspartiet - eit parti som framfor noko anna parti har vore negativ til å finansiera vegutbygging med bompengar.

No vidarefører FrP ordninga med bompengefinansiering med den grunngjevinga at det ikkje er politisk fleirtal for å avskaffe ordninga. Det kan vi forstå.

Men dersom det er rett at FrP lokalt er budd på å stilla seg positiv til førehandsinnkrevjing av bompengar til Hordfast, går partiet på tvers av si historie, sine prinsipp og sine valløfte.

Dersom dette syner seg å vera rett, er det ingen grunn til at ein slik u-sving skal få oppslutnad frå dei andre partia i Os kommunestyre.

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden
Knut Børgesen
Egil H. Haugland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.