Kultur | 24. okt. 2014

Forfattarspire frå Os

Ein idé om eit snakkande tre har endt opp med at Annette Grahl Johnstad no er klar med romandebuten Det velsignede treet.

Forfattarspire frå Os
Forfattar Annette Grahl Johnstad. (Privat foto)
Kari M. Lyssandfredag 24. okt. 2014 13:52

For to veker sidan kom romanen «Det velsignede treet» ut i bokhandelen. Bak boka står ei kvinne frå Os, Annette Grahl Johnstad, og «Det velsignede treet» er hennar forfatterdebut.

– Det er veldig kjekt å ha fått gjeve ut mi eiga bok, synest Johnstad, som bur i Os saman med sonen sin på 10 år.

Tidlegare arbeidde 36-åringen som førskulelærar og styrar i barnehage, men har dei to siste åra vore plaga med sjukdom.

– Eg skriv når eg har energi, fortel ho.

I starten skreiv ho små noveller, men i 2011 fekk ho ideen om det snakkande treet, og byrja på romanen.

Vil læra menneske å lytta til hjarta sitt

Å få publisert boka har ikkje vore berre lett, og Johnstad fortel at ho sendte manuskriptet inn til fleire forlag før Publica fatta interesse.

– Dei har hjelpt meg og eg fekk blant anna ein konsulent til å assistera meg med språket.

Romanen handlar om eit snakkande tre som ønskjer å dela kunnskapen sin om åndeleg naturfilosofi og å læra menneske å lytta til sitt eiga hjarte.

Hovudpersonen er ei kvinne som treet ønskjer å gje visdom og råd.

– Handlinga kjem også innpå det å ta vare på naturen og miljøvern, fortel Johnstad.

Utgjevinga har tydeleg gjeve meirsmak og Johnstad fortel at ho allereie er i gong med ein oppfølgjar.

– Eg har lyst til å skriva mange fleire bøker, seier den nybakte forfattaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.