Lokal | 07. mars 2018

Forlenger med Os ASVO

Os ASVO skal driva kantina i rådhuset i to år til. – Dei leverer fantastisk mat, skryt rådmannen.

Forlenger med Os ASVO
Kantingegjengen frå Os ASVO leverer mellomanna mat til dei politiske møta. Her har dei gjort klart til kommunestyret sin julelunsj (foto: Os ASVO)
Andris Hamreonsdag 07. mars 2018 07:31

Frå 2012 har Os ASVO hatt ansvaret for drift av kantina i rådhuset med påsmurt mat, frukt og andre kantineprodukt. I midten av februar skreiv kommunen og Os ASVO under på ei lenging av avtalen, slik at den no gjeld fram til kommunesamanslåinga 1. januar 2020.

– Arbeidarane frå Os ASVO er verdas flottaste arbeidstakarar. Dei tilfører oss ein kvalitet som få andre klarer med breie smil når vi kjem inn i kantina. I tillegg er det kjekt at det er lokale arbeidstakarar.

– Maten dei leverer er òg heilt topp. Dei serverer nydelege rundstykker både i kantina og som møtemat til politiske og andre møter. I tillegg får vi jo eit fantastisk koldbord kvar onsdag, for ikkje å nemne vaflane på fredager, stråler ein nøgd rådmann Christian F. Fotland.

Kjærkoment arbeid

Dagleg leiar ved Os ASVO, Kristian Nygaard, er like nøgd med at ein har kome fram til ei ny avtale med kommunen.

– Dette er ei veldig viktig avtale for oss og ei kjærkomen arbeidsoppgåve for arbeidarane våre. Det er godt å kunne utvida området Os ASVO tilbyr utover det trearbeidet vi driv med her oppe i Industrivegen, seier Nygaard.

Viktig læring

Kantineoppgåvene kjem inn under det Os ASVO kallar Arbeidsforberedande trening (AFT).

– Kantinedrifta gir dei ansatte god trening i tekniske ting som å handtere kasse og pengar. Men det gir òg god sosial trening med å møte kundar og ikkje minst det å skulle levera på krav, som til dømes dei krav som blir stilt rundt hygiene når ein skal laga mat.

– Rådhuset er ein veldig kjekk plass å vera og vi er veldig nøgd med å ha forlenga avtalen. Det gir ein forutsigbarheit i drifta vår.

Nøgde kundar, nøgde arbeidarar

Både Fotland og Nygaard fortel om nøgde kundar og leverandørar.

– Kommunen er veldig flinke til å bruka oss også utanfor rådhuset. Vi konkurrerer ikkje med vanleg cateringverksemder, men leverer enkel møtemat som rundstykker og fruktfat til fleire kommunale einingar, seier Nygaard.

– Og dei er nøgd med leveransen, understrekar Fotland.

I kantina er det 1,5 stilling som arbeidsleiar og fem til åtte ansatte frå Os ASVO.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.