Søfteland barneskule manglar 4,4 pedagogar etter den nye lærarnormen i følgje nye GSI-tal (arkivfoto: KVB)

Forskoterer revidert nasjonalbudsjett

Tilset fire nye lærarar grunna ein lærarnorm kommunen eigentleg ikkje vil ha. – Vi mister fleksibiliteten vi har i dag, seier Sørås.

Av: Andris Hamre

I tenesteutvalet i slutten av april uttrykte arbeiderpartipolitikar Gisle Hesjedal uro for at Os kommune ikkje var på ballen for å tilsetta nye lærarar i samband med den nye lærarnormen som blir innført frå austen av. 

Til formannskapet tysdag hadde administrasjonen svart på utfordringa ved å be om moglegheiten til å rekruttera inntil fire årsverk, sjølv om ein ikkje veit kva øyremerka middel til ordninga som vil koma i revidert nasjonalbudsjett.

– Det er bra ein satsar på skulen, men det er uheldig at det kjem ein lærarnorm om den ikkje er fullt ut finansiert. Det vil gje ei forrykking i vår tildelingsnorm. Vi har gitt skulane stor fridom så lenge dei held ramma. No må vi inn og styre meir, vi må ha meir kontroll på skulane våre.

– Det er veldig mykje usikkerhet kring normen. Vi hadde vore kjempenøgd om vi hadde fått ressursane i ramma slik at vi kunne ha fordelt det i tråd med slik vi tenkjer, fortalde fagsjef skule, Per Olav Sørås.

I følgje oppdaterte GSI-tal manglar skulane i Os 14,44 pedagogårsverk etter den nye lærarnormen.

Kritiske til eiga regjering

Både Marie Bruarøy (H) og Eirik André Hesthamar (Frp) var kritiske til eiga regjering og innføringa av den nye lærarreformen.

– Tildelingsmodellen vår gir skulane fridom. Denne læringsnormen er for styrande og til hinder for fleksibiliteten. Den kom litt som lyn frå klar himmel. Saman med barnehagenormen gjer dette det forferdelig krevande for oss.

– Eg støtter dette framlegget frå administrasjonen og krysser fingra for at vår regjering leverer meir, sa Bruarøy.

– Eg har vore veldig tydeleg ovenfor våre sentrale politikarar. Det er ein veldig merkeleg reform som kjem seglande. Den støtter ikkje oppunder tidleg innsats, men freister å få alle til å passa i ein mal. Om det er slik signalene er så burde dei små skulane vore best i landet, men dei er jo ikkje det. Det er merkeleg at våre politikarar sentralt skal vedta denne malen skal passe alle skuler og kommuner i heile landet. Det gir kommunene null handlingsrom og er veldig veldig beklageleg, supplerte Hesthamar.

– Eg synes det er leit om dette går på bekostning av tidleg innsats. Når vi no er i den situasjonen vi er i, så er framlegget fornuftig. Er rektorane einige i framstillinga om at vi blir fråteken fleksibiliteten, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG) som fekk et tydeleg ja til svar frå Per Olav Sørås.

Dette er lærarnormen

I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2018 gjorde stortinget vedtak om at det skulle innførast ein lærarnorm.

«Stortinget ber regjeringen innføre en norm for lærertetthet på skolenivå. Målet er at det høsten 2018 skal være 1 lærer per 16 elever i 1.–4. klasse og 1 lærer per 21 elever i 5.–10. klasse, og fra høsten 2019 er målet at det skal være 1 lærer per 15 elever i 1.–4. klasse og 1 lærer per 20 elever i 5.–10. klasse. Normen skal evalueres underveis og sees i sammenheng med tiltak for å rekruttere et tilstrekkelig antall kvalifiserte lærere. Dagens lærerutdanning, herunder gjeldende opptakskrav, og regjeringens kompetansekrav skal legges til grunn. Det foretas en kvalitetssikring av kostnader knyttet til oppdaterte GSI-tall på skolenivå, slik at ingen kommuner skal tape på innføringen av normen. En justering av de samlede kostnadene legges inn i regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2018. Videre skal det utredes hvordan innfasingen av en norm kan gjennomføres uten fare for forsterket lærermangel i deler av landet.»