Sport | 15. aug. 2014

Først av dei nye

Aktiv365 Xpress opnar i dei gamle posten-lokala laurdag. – Dette blir vårt finaste xpress-senter, seier Tor Fredrik Kayser Berg.

Først av dei nye
Sissel Tangerås, Ingunn Tangerås og Tor Fredrik Kayser Berg framfor inngongen til det nye treningssenteret i Brugata (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. aug. 2014 12:00

Bildeserie:

Apparatene er i hus, men ikkje heilt på rett plass (foto: AH)
Apparatene er i hus, men ikkje heilt på rett plass (foto: AH)
Ut mot Brugata blir det kondisjonsavdeling (foto: AH)
Ut mot Brugata blir det kondisjonsavdeling (foto: AH)
Lengst inn i lokalet blir frivektavdelinga (foto: AH)
Lengst inn i lokalet blir frivektavdelinga (foto: AH)
1 av 3
Apparatene er i hus, men ikkje heilt på rett plass (foto: AH)
Ut mot Brugata blir det kondisjonsavdeling (foto: AH)
Lengst inn i lokalet blir frivektavdelinga (foto: AH)

Konkurransen innan treningssenter-bransjen spissar seg til når Aktiv365 Xpress opnar på Osøyro laurdag. Frå før er allereie Sprek og Blid, i Os næringspark, og Actic, på Kuventræ, i godt driv. I månadsskiftet opnar i tillegg Energi i Irisgården.

– Det blei litt fleire enn vi hadde rekna med då vi bestemte oss for å satsa på Os, men konkurransen må vi ta.

– Vi må berre gjera det vi kan for å vera best innan dette markedet.

– Det er litt Norwegian-tankegangen som ligg bak. Eit godt tilbud til den beste prisen.

– Dessuten ser ein også ofte at der det er fleire tilbydarar så avler det meir aktivitet. Det er rett og slett fleire som startar å trene, seier Kayser Berg.

God start

Sjølv før opninga har Aktiv365 fått vel 100 medlemmar på Os.

– Det er eigentleg bra. Folk har jo ikkje fått sett kva vi har å tilby enno.

– Tala for Os er litt høgre enn dei var då vi opna på Kråkenes, men litt lågre enn dei var på Kokstad.

Ideelt lokale

Det omlag 550 kvadratmeter stor treningssenteret er i følgje Kayser Berg eit ideelt senter i deira auge.

– Her får vi plass til alt vi ønskjer å ha med oss, med ein del for kondisjon, ein for apparater og ein for frivekter.

– Lokalet er det finaste vi har med dette konseptet.

– Hvelvet som står midt i lokalet, gjer at vi får naturlege soner for dei forskjellige treningsformene.

– I tillegg er dette det første senteret vi har nytta eigen interiørarkitekt for å velje materialer og løysningar, forklarar han.

– Dei unge ikkje noko problem

Siste innspurt før opninga tek Kayser Berg saman med Sissel og Ingunn Tangerås frå Aktiv365 på Straume. I motsetning til konkurrenten Energi, så har ikkje Aktiv365 18-års aldersgrense.

– Erfaringen vår er at det er ikkje 16-18 åringane som skapar problemer.

– Det er dei som gjerne har bikka tjue vi har opplevd det av og til kan vera litt bråk med, fortel Sissel Tangerås.

Vil ha kontroll

Senteret er sjølvbetjent og ope kvar dag frå 0500 til 2400 heile veka.

– De er ikkje redd for at folk vil snike seg inn her og trena gratis samen med medlemmane?

– Nei, det opplever vi veldig lite av.

– Dessuten, så har vi både kontrollar og rutiner som vil fange det opp, avsluttar dei tre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.