Rådmann Christian F. Fotland er stolt over å vera langt framme på fleire områder i høve digitalisering av kommunale tenester (foto: Andris Hamre)

Først i landet

Os kommune først i landet med DigiHelse og Min Side.

Av: Andris Hamre

I kommunestyret gav rådmann Christian F. Fotland ein status på kommunereforma og fortalde at ein ligg langt framme i samband med digitalisering av kommunale tenester.

– Det skjer utruleg mykje spennande innan digitalisering om dagen. Det legges opp til ei rekkje nasjonale prosjekt kor kommunane samlar seg, og Os ligg langt framme.

– Vi ruller no ut DigiHelse, som mellom anna er ein app kor brukarane og våre tilsette kan kommunisera direkte. Til dømes kan brukaren enkelt gje beskjed om at ein ikkje er heime, så heimehjelpa ikkje treng å komma. Dette er vi saman med Askøy den første kommunen i landet som rullar ut.

– Vi er også leiiande i å rulle ut standarden for Min side kor innbyggjarane finn det meste av sin informasjon anten det er eigedomsopplysningar eller dei siste, og kommande, SFO-betaling. Også her er vi først i landet saman med Askøy og Bergen, fortalde ein tydeleg nøgd rådmann.

Set nasjonal standard

Fotland fortalde at ein større delegasjon på elleve personar i dag, onsdag, reiser til Oslo for å vera med på ei nasjonal samling i regi av KS for alle kommunar som slår seg saman.

– Der kan deltakarane velgje ulike sesjonar å vera med på. Os kommune har blitt beden om å halde ein sesjon om ROS-analyse i samband med kommuneslåing. Vår Beate Moberg har hatt ansvaret for dette hos oss og skal halde foredraget og fortelje korleis vi gjer det.

– KS ser for seg at dette kan vera ein modell for heile kommunereforma for å avdekke risikoar og sårbarheiter i samanslåingsprosessen, fortalde Fotland.